Sør-Korea – Nasjonalforsamlinga stiller presidenten for riksrett etter hans mislykka kuppforsøk
Moon of Alabama, 14. desember, 2024
Den 3. desember starta presidenten av Sør-Korea, Yoon Suk Yeol eit kupp mot den opposisjonsstyrte nasjonalforsamlinga. Han erklærte militær unntakstilstand og gav militære spesialstyrkar og politiet ordre om å hindre parlamentarikarane å samle seg.
Berre 150 minutt etter presidentens kunngjering røysta 191 av dei 300 medlemmane av nasjonalforsamlinga for å straks stoppe unntakstilstanden. Troppar og politi entra parlamentet, men avrøystinga hadde allereie funne stad.
Mykje har skjedd sidan. President Yoons forsvarsminister og kompis frå skuledagane, Kim Yong-hyun, har blitt arrestert for å ha starta og deltatt i kupp-planane:
Kim er skulda for å ha rådd Yoon til å sette i verk militær unntakstilstand og sende troppestyrkar til nasjonalforsamlinga for å hindre lovgivarane i å røyste mot den. Tilstrekkeleg mange lovgivarar greidde til sist å kome seg inn i ein parlamentssal, og einstemmig avviste dei dekretet til Yoon og tvinga Kabinettet til å oppheve det før sola stod opp den 4. desember.
Nokre av dei militære kommandantane som hadde fått ordre om å implementere unntakstilstanden, har sidan snakka med etterforskarar. Dei avslørte at kupp-planen hadde vore ein del av ein større, og endå galnare, plan som fort kunne ha ført til krig med Nord-Korea:
Forsvarsministerens opprinnelege plan var å framprovosere eit angrep frå Nord-Korea, og deretter bruke det til å rettferdiggjere innføringa av militær unntakstilstand. Til dette føremålet sende det sørkoreanske militæret fleire dronar inn i luftrommet over Pyongyang, som strødde ut propaganda-flygeblad. Men Nord-Korea angreip ikkje. … Dei første førebuingane til kuppet starta allereie i juli 2023, då militæret sette ihop referansemateriell for operasjonar under militær unntakstilstand og produserte ei handbok.
Yoon Suk Yeol
Sist laurdag blokkerte Folkemakt-partiet til president Yoon nasjonalforsamlingas forsøk på å stille president Yoon for riksrett. Men etter at fleire detaljar om kupp-forsøket siva ut, auka folkepresset mot partiet. I dag vart det halde ei ny avrøysting om riksrett. Den oppnådde det nødvendige to tredjedels fleirtalet:
Sør-Koreas parlament røysta på sundag for å stille president Yoon Suk Yeol for riksrett etter at hans eige parti vende seg imot han då han nekta å gå av på grunn av sitt kortliva forsøk på militær unntakstilstand.
Det er andre gong på under eit tiår at ein sørkoreansk leiar har blitt stilt or riksretten, og det betyr at Yoon er suspendert frå å utøve sine fullmakter fram til endeleg avgjerd blir tatt av landets forfatningsdomstol.
Etter avrøystinga, som utløyste jubel blant dei som protesterte utanfor parlamentet, gjekk Yoon med på å «stoppe midlertidig for no, men reisa mot framtida som eg har gått saman med folket dei siste to åra bør ikkje stoppe.»
«Eg vil ikkje gi opp,» sa han i ei ytring som vart delt av landetss presidentkontor.
Yoon vil prøve å overtyde Forfatningsdomstolen om at han ikkje er skuldig i opprør og ikkje bør avsettast.
Domstolen har fleire ledige stillingar. For tida er berre seks dommarar tilgjengelege, og for å få Yoon domfelt lyt alle seks vere einige.
Høgtståande statstenestemenn har vitna i ymse høyringar den siste veka og avslørt nokre svært uvanlege detaljar omkvelden då ordren om militær unntakstilstand kom.
Kommandanten for Special Warfare Command, Kwak Jong-geun, vitna om at han hadde fått ein direkte ordre frå president Yoon om å bryte ned dørene til nasjonalforsamlinga og hale lovgivarane ut derifrå, men han følgde ikkje ordren.
Kwak Jong-geun følgde ikkje ordren til Yoon fordi den var klart illegal. Militær unntakstilstand inkluderer ikkje makt til å hindre nasjonalforsamlinga i å utføre sine konstitusjonelle plikter. Det er noko som Yoon, som tidlegare aktor, må ha visst.
Ein dom frå Forfatningsdomstolen i Yoons favør ville såleis vere reint politisk og motstride lova.
Det sørkoreanske folket ville, med rette, gå berserk over eit slikt utfall.