Derimot: Pro-israelske medier kaller det jødeforfølgelse, men det var det motsatte. Folk i Amsterdam reagerte mot israelske hooligans etter fotballkamp. – Derimot

derimot.no:

Skuldingar om ‘pogrom’ mot fotballpøbel følger sionistisk propaganda-mønster

Moon of Alabama, 8. november, 2024

To ting går alltid igjen i pro-sionistisk propaganda:

  • I alle konfliktar er sionistane (eller jødar) alltid offera.
  • Konfliktar med sionistar kjem alltid heilt ut av det blå, dvs. utan provokasjonar og ute av kontekst. Dei er såleis reint anti-semittiske.

Den 7. oktober 2023, etter provokasjonar frå radikale sionistar ved Al Aqsa-moskéen, braut Hamas-soldatar og ymse Gaza-innbyggarar lenkene sine i friluftsfengselet og gav seg i veg for å ta israelske gislar. Desse skulle utvekslast mot arabiske fangar i israelske hender. Under operasjonen gav det israelske militæret styrkane sine ordre om å følge Hannibal-direktivet som seier at eit potensielt israelsk gissel heller skal drepast enn å bli tatt til Gaza.

Sidan har ulike rapportar vist at fleirtalet av dei drepne den dagen var arabarar frå Gaza. Fleirtalet av israelarane som døydde den dagen, vart drepne av det israelske militæret, først og fremst av helikopterstyrkane som skaut Hellfire-missil og brukte maskinkanonar mot tilfeldige bilar på flukt.

Men dei sionist-venlege media rapporterte utflukten til Hamas som uprovosert. Den hadde liksom skjedd utan kontekst. Men der er ein kontekst : meir enn 70 år med fordriving og drap på arabarar som framleis pågår.

Det vart også framstilt som at dei drepne israelarane var offer som vart drepne av dei arabiske angriparane, sjølv om Israels eige militær innrømde at dei hadde drepe ein stor del av dei.

Ein episode i Amsterdam nyleg følger liknande mønster:

Israel fordømmer ‘pogrom’ i Amsterdam etter at fotball-fans vart angripne av bråkmakarar – Times of Israel, Nov 8 2024
Alle israelarar gjort greie for nokre timar etter at 10 vart skadde, mange av dei kringsette på hotell medan gjengar av fotball-ramp – tilsynelatande muslimar og arabarar – overfall og slo israelarar etter kampen.

Overskrifta antyder at:

  • Dei sionistiske ‘fotball-fansa’ var dei einaste offera.
  • Det var ingen kontekst, dvs. angrepet var antakeleg uprovosert.

Begge punkta er sjølvsagt feil.

Noko av konteksten kan finnast i ein tre dagar gamal reportasje i  Jerusalem Post :

Berre sånn for sikkerheits skuld: Mossad-agentar blir med Maccabi Tel Aviv FC på tur til Amsterdam – JPost, Nov 5 2024

Etter eit skuffande 1-0 ligatap mot Ironi Kiryat Shmona, skiftar Maccabi Tel Aviv fokus til europeiske konkurransar, og dei skal møte Ajax i Amsterdam torsdag kveld.

Som med alle israelske lag som har spelt i Europa det siste året, legg ein stor vekt på sikkerheita. På tysdag rapporterte den hollandske avisa De Telegraaf at det i tillegg til Maccabis vanlege sikkerheitspersonell vil vere 

Mossad-agentar til stades i Amsterdam for å beskytte laget maksimalt.

Maccabi-fans har lenge vore kjende for si rasistiske åtferd:

I 2014 skal ei gruppe [Maccabi-] fans ha ropt rasistiske skjellsord mot Mahran Radi, ein arab-israelar som då spelte for klubben. Det vart også spraya grafitti rundt om i Tel Aviv. Der skal det ha stått «vi vil ikkje ha arabarar i Maccabi!» og «Radi er daud».

I juni prøvde Israels “Kicking Out Racism”-initiativ å kvantifisere mengda rasistisk språkbruk blant supporterane til dei ulike fotballklubbane. Dei fann ut at Maccabi berre var slått av Beitar Jerusalem i tal på rasistiske utsegner som forskarane fann.

Det blir hevda at det var slike kjensler som vart viste fram i Amsterdam denne veka, med fans som messa rasistiske slagord og i tillegg nekta å markere eit minutts stille for offera av flaumen i Spania.

Israelske hooligans river ned et palestinsk flagg fra en husfasade.

Mindre oppløp med Maccabi-supporterar skjedde faktisk to gongar. På natta mellom 6. og 7. november, ein dag før ein kamp mot Ajax Amsterdam, reiv pøbel-supporterane til Maccabi Tel Aviv – antakeleg beskytta av Mossad – ned palestinske flagg frå private nederlandske bustadar (video) og angreip nederlandske drosjsjåførar av arabisk avstamning:

Taxi Driver @DutchTaxiDriver – 

2:55 UTC · Nov 7, 2024

Schandalig en onacceptabel: een Amsterdamse taxichauffeur aangevallen en mishandeld door Maccabi hooligans. Dit geweld moet stoppen. Steun voor onze chauffeurs die onze stad draaiende houden, ook in moeilijke tijden. #StopGeweld #Amsterdam #RespectVoorChauffeurs #Ajax

Skandaløst og uakseptabelt: ein amsterdamsk taxi-sjåfør angripen og mishandla av Maccabi-hooligans. Denne valden må stoppe. Støtt sjåførane våre som held byen vår i gang, sjølv i vanskelege tider. #StopGeweld #Amsterdam #RespectVoorChauffeurs #Ajax
Video

Som britiske Mail Online rapporterte i går:

Israelisk fotballpøbel reiv ned palestinske flagg medan dei marsjerte gjennom Amsterdam under onsdagens kaos før Maccabi Tel Avivs besøk til Ajax.

Videoar viser fleire dusin med hettekledde figurar i heilsvarte klede som hoia og skreik ‘f*** you, Palestine’ og ‘ole’ medan ein av dei klatra halvvegs opp fronten av eit bygg og fjerna eit flagg på Rokin, ei storgate.

Opptak viser også ei bølle som slår ein taxi med brekkjern før sjåføren køyrer av garde, medan det har kome rapportar om samanstøytar mellom den besøkande fotballpøbelen og drosjesjåførar.

Klipp delte av ei prominent pro-hooligan-side viser samanstøytar som angiveleg skal ha vore mellom Maccabi-fans og ei gruppe marokkanske Ajax-supporterar.

På kvelden den 7. november tapte Maccabi Tel Aviv kampen mot Ajax Amsterdam. Ajax vann 5-0.

Før kampen vart det bede om eitt minutts stille for flaumoffera i Spania. Den Mossad-dirigerte Maccabi-supporter-rampen ignorerte det.

Etter kampen skal det ha skjedd fleire slagsmål og opptøyar. Men denne gongen var sionist-pøbelen tydelegvis i mindretal i forhold til ei gruppe pro-palestinske Ajax-supporterar, og dei laut flykte til hotella sine.

I dag blir den rettferdiggjorte aksjonen mot den skandaløse åtferda til dei Mossad-beskytta hooligan’ane til Maccabi kalla for ein progrom.

Eit bekvemt resultat for Mossad-folka som har planlagt og oppelda til denne provokasjonen.

Posta av b(ernard) den 8. november, 2024 kl 15:04 UTC

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica.art

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...