Derimot: Konflikt innad i Israels regjering. Netanyahu sparker forsvarministeren. – Derimot
derimot.no:
Når en sparker en forsvarsminister midt under en krig betyr det i klartekst at en er uening i hvilken retningen krigen skal føres dermed i hvilke tiltak en skal møte problemene med. Han som overtar som ny forsvarsminister har heller ingen kompetanse i å lede store styrker og i militær strategisk planlegging. Jeg kan ikke forstå annet enn at dette betyr at statsministeren vil nå sjøl overta styringen med hvordan krigen skal forstås og ledes.
Det vil måtte bety at fagmilitær kompetanse er svekket i Israels ledelse.
Knut Lindtner
Redaktør
Netanyahu gir forsvarsminister Gallant sparken
Dei israelske gisselfamiliane seier sparkinga var endå eit av Netanyahus trekk for å torpedere sjansane for ein avtale med Hamas
av Dave DeCamp

På tysdag kunngjorde Israels statsminister Benjamin Netanyahu at han hadde sparka forsvarsminister Yoav Gallant, som nyleg oppmoda til at Israel skulle gjere «smertefulle kompromiss» for å kome fram til ein gisselavtale med Hamas.
«Diverre har tilliten mellom meg og forsvarsministeren dei siste månadane vore broten. Det var betydelege meiningsforskjellar med omsyn til korleis [militær-] kampanjen skulle styrast, og desse forskjellane vart følgd av utsegner og gjerningar som streid imot det som regjeringa og kabinettet hadde bestemt,» sa Netanyahus kontor.
Gallant skal erstattast av Israels utanriksminister Israel Katz. Gideon Sa’ar, ein tidlegare rival av Netanyahu som vart medlem av regjeringa etter Israels dramatiske eskalasjonar i Libanon i september, skal erstatte Katz som utanriksminister.
Netanyahu si avgjerd om å avsette Gallant vart kritisert av Hostage and Missing Families Forum, som representerer slektningar av israelske gislar i Gaza. Ifølge avisa Haaretz, sa gruppa at sparkinga var ein del av Netanyahus forsøk på å torpedere alle sjansar for ein gisselavtale med Hamas.

Avskjeden vart hylla av Israels minister for den nasjonale sikkerheita, Itamar Ben Gvit, som har argumentert for ethnisk utreinsking av palestinarar frå Gaza og vil at jødiske settlarar skal etablere seg på Stripa. «Eg gratulerer statsministeren med avgjerda om å gi Gallant avskjed. Med Gallant, som framleis er djupt ganga i si eiga oppfatning, er det umogleg å oppnå full siger,» sa Ben Gvir.
Netanyahu og Gallant har vore i konflikt under store delerav dette siste året. I august kalla Gallant Netanyahus målsetning om «total siger» i Gaza for «nonsens». Gallant har gjentatte gongar oppmoda til ein avtale med Hamas, men sa klart ifrå om at han berre ville ha ein temporær avtale og ikkje ville avslutte folkemordskrigen.
Kommentarar frå Gallant i oktober 2023 blir ofte siterte som bevis for Israels folkemordhensikt i Gaza. Den 9. oktober, 2023 sa Gallant at han hadde gitt ordre om «full kringsetting» av Gaza og at Israel kjempa mot «menneskelege dyr».
Katz, Gallants erstatning, bad og om full kringsetting på den tida. «Naudhjelp til Gaza? Ingen elektrisk brytar skal slåast på, ingen vasshydrant skal opnast og ingen tankbil skal kome inn før dei bortførte israelarane har kome heim att.. Humanitarianisme for humanitarianisme. Og ingen skal belære oss om moral,» sa han.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica.art
https://news.antiwar.com/2024/11/05/netanyahu-fires-defense-minister-gallant/