Derimot: EU: Et gjennomkorrupt system. – Derimot

derimot.no:

Korrupsjon på høgste plan i EU: Madame Von der Leyen – McKinsey og Pfizer

av Peter Koenig

Ved første blikk, lurer du kanskje på kva Ursula Von der Leyen og McKinsey og Pfizer har til felles? Svaret er korrupsjon, høgkorrupsjon. Madame Von der Leyen, den ikkje folkevalde presidenten for EU-kommisjonen (Europakommisjonen, EC) har fleire korrupsjonsskandalar på nakken.

Det vart nyleg avslørt at sonen til Madame von der Leyen, David, hadde eit stunt som «sommar-praktikant» i McKinsey, konsulenthus-giganten med hovudsete i USA [og kontor også i Noreg, mrk.]. Sjølv om det finst tynt med dokumentasjon på kva slags oppgåver og ansvar han hadde i firmaet, viser det seg at han var langt meir enn ein «sommarpraktikant». Han leidde fleire konsulent-team og arbeidde for McKinsey i over 3 år.

Er det tilfeldig at han slutta hos McKinsey i 2019, rett før mora hans vart utpeika – ikkje vald – til President for EU-kommisjonen?

Vi veit at det ikkje finst tilfeldigheiter.

Var det kanskje slik at David bana veg for den komande EU-kommisjonspresidenten – mor hans –, for at ho skulle ha lett tilgang til dei høgare rekkene i McKinsey?

Meir om det seinare.

*

La oss starte med ein skandale som informerte kjelder allereie kjenner ganske godt til: Ursula Von der Leyens direkte forhandlingar med Pfizer om å kjøpe 900 millionar dosar av Pfizer-vaxinen, med opsjon på 900 millionar til, totalt 1,8 milliardar doser. Eg gjentar, i tilfelle du trur du las feil: 1,8 milliardar av Pfizer sine omstridde gen-modifiserande mRNA-vaxinedosar – til ei befolkning på rundt 450 millionar. Dette er 4 dosar per person i Den europeiske unionen (EU).

Det vart i 2021 oppdaga at desse «forhandlingane» mellom von der Leyen og Pfizer-sjef Albert Bourla føregjekk. Press på EU-kommisjonen om å offentleggjere ordlyden i denne kommunikasjonen, vart rett og slett ignorert.

Dette skjedde før signeringa av kontrakten på 1,8 milliardar dosar. Det er heilt klart eit brot på EU-reglane om konkurranse (forbod mot konkurranseavgrensande samarbeid). Kontraktane vart signerte i mai 2021. Totalt imot EU sine reglar for internasjonalt konkurrerande anbod. Dessutan: korleis kunne dei rettferdiggjere 4 dosar per EU-borgar?

Kva er den totale prisen for denne sinnssjuke pakken?

Ursula von der Leyen: «fru 4,5 milliardar dosar»

Den seinaste utviklinga i saka, er at Van Der Leyen er involvert i forhandlingar om ein annan stor kontrakt med Pfizer: 

«Prisen for kvar vaksinedose har blitt forhandla fram direkte med presidenten for EU-kommisjonen, Ursula von Der Leyen, som er kjend for å vere korrupt. 

Ursula von Der Leyen kjemper for demokrati og frihet. Tror vi henne?

Det vidare målet til Pfizers CEO Dr. Bourla, er å forhandle fram ein kontrakt på 4,5 milliardar vaksinedosar til ei EU-befolkning på 450 millionar, Med andre ord 10 dosar per person. Dette er dosar som kjem i tillegg til dei som allereie er kjøpte inn av EU (i overkant av 800 millionar).»

Madame Von der Leyens nære «kollaboratør-verksemd» med Pfizer kan vise seg å vere berre toppen av isberget.

Ektemannen hennar, Heiko, er medisinsk direktør hos Orgenesis, eit US-amerikansk bioteknologi-selskap som spesialiserer seg på gen-terapi (som til dømes Pfizer- og Moderna-vaksinane).

Ursula har sete i Orgenesis’ vitskapsråd sidan 2019. Pfizer og Orgenesis har hat ein svært nær relasjon sidan Orgenesis var aktivt involvert i utviklinga av Pfizer-vaksinen. Heiko von der Leyen har lenge hatt samband med Pfizer. Sjå dette for fleire detaljar.

*

Tilbake til vaxinane. Kva vil skje med milliardane av overflødige, ubrukelege og farlege sprøytestikk?

Slik Farma/EU-korrupsjonen verkar utspele seg, ville det ikkje overraska om vaxinane hadde blitt merka om til eit anna føremål. Korleis skulle nokon kunne vite?

For over dei siste tre åra, med implementeringa av Verdsøkonomisk forum (WEF) sin Great Reset og FNs Agenda 2030 – som hovudsakleg er identiske, ettersom FN er i seng med WEF – har det blitt overveldande tydeleg at vaksineringa ikkje hadde noko å gjere med helse, å bevare helsa til folk, men at det heller handla om eit folkemord i stor skala.

Eit av dei sentrale måla til Reset / Agenda 2030, er ein massiv befolkningsreduksjon. Det vi har sett så langt, etter litt over to år med såkalla vaksinering, for det meste tvangsinjeksjonar, er hundretusentals – om ikkje millionar – av døde og folk som er lemlesta for livet, og eit raskt aukande tal på abortar og sterilitet hos både kvinner og menn.

Og dette er berre starten. Brotsverkets hovudtyngd kan spele seg ut i løpet av dei komande 5 til 10 åra, når ingen vil greie å bevise at årsaka er covid-stikka. Dette er åtvaringane til Michael Yeadon, tidlegare visepresident for og sjefsforskar hos Pfizer. Sjå dette.

Vart straffesaka til von der Leyen etterforska av European Public Prosecutor’s Office (EPPO, EU’s «riksadvokatkontor»?)? Ingen veit. Tenk det – ingen veit og ingen spør!

Politico melde i april 2021 om at von der Leyen hadde fortald New York Times at ho hadde utveksla tekst med Pfizer-sjefen i ein månad før EU signerte kontrakten med den US-amerikanske farmasi-giganten.

I avtalen forplikta Kommisjonen seg til å kjøpe 900 millionar skot av Pfizer-BioNTech på bekostning av EU-medlemmane, med opsjon på å kjøpe ytterlegare 900 millionar. Slike kontraktar må vere verde hundretals millionar, om ikkje milliardar, dollar. Talet har aldri blitt offentleggjort, og EU-vaktbikkjene lukkar auga for skandalen.

Berre dét er skrekkeleg skammeleg.

Seinare avslørte EUs Ombudsmann at Kommisjonen aldri eksplisitt hadde bede teamet til von der Leyen om å søke opp tekstane, sidan dei ikkje såg på dei som «dokument» det var verdt å bevare. I ein rapport om funna kalla ombudsmannen tilnærminga for «vanstyre» (“maladministration”).

EU-kommisjonen for sin del kontra med at den ikkje kan legge fram tekstane fordi «kortliva, døgnflugedokument ikkje blir tatt vare på».  Sjå dette.

Og slik enda den historia, førebels. Berre ikkje gløym at EU, og spesielt den ikkje-valde EU-kommisjonen, er ein av verdas mest korrupte institusjonar. Og hittil har dei tydelegvis kome unna med det.

*

Tilbake til McKinsey. Konsulentfirmaet McKinsey er sjølv skandaleridd. Firmaet sitt arbeid for både autoritære regime og Pentagon reiser spørsmål om interessekonfliktar.

Tilbake på starten av det 21. hundreåret, då samanbrotet til dot.com-bobla øydela mange storselskap, og med dei også mykje av potensialet for leiar-rådgivning, fekk McKinsey eit dilemma. Dei laut finne måtar å utvide klientellet sitt på. Så McKinsey kasta seg inn i konkurransen om regjeringskontraktar – ikkje berre i USA, men globalt.

New York Times skreiv at avgjerda til McKinsey om å gå inn i offentleg sektor heime og i utlandet skapte ein forretningsmodell som bugna av interessekonfliktar.

Eit døme frå USA er velkjent: McKinsey som gav råd til legemiddelverket Federal Drug Administration (FDA), samtidig som dei gav råd til farmasi-giganten Purdue Pharma [produsenten av OxyContin, det legale opioidet som i 2019 stod for ein tredjedel av alle overdosedødsfall i Noreg, medan heroin berre stod for ein femtedel. Det er laga fleire gode filmar og TV-seriar om skandalen, ml.a. Painkiller, Dopesick, The Pharmacist, mrk.]. Internasjonalt verkar McKinseys arbeid like omfattande med potensielle interessekonfliktar, der dei kurtiserer klientar så ulike som Pentagon, Kina, og Saudi-Arabia.

Medan McKinsey hadde kontraktar for hundretals millionar dollar med forsvarsindustrien i USA, gav dei også råd til fleire utlandske selskap og regjeringar. På nettsidene sine skryt McKinsey av desse relasjonane: «Vi har solide relasjonar med ministrar og forsvarsdepartement over heile verda».

I ei anna sak, som no er velkjend, er konsulentfirmaet tiltalt i ei straffesak for korrupsjon i Sør-Afrika. Saka dreier seg om McKinseys rolle i landets største skandale etter apartheid, kjend som «state capture-skandalen» [statskapringsskandalen (?); heller ukjend her i landet, mrk.] under eks-president Jacob Zuma. Den involverte urettmessig tileigning av offentlege middel i utsrekt omfang, som omtalt i februar 2023, sjå dette.

Det seier alt. Nøkkelen er relasjonar til internasjonale styresmakter på høgt nivå.That says it all. The key is international high-level government connections. Det blir kanskje aldri bevist, men mest sannsynleg hadde sonen til Heiko og Ursula von der Leyen, David, ei rolle i å legge grunnlag for at McKinsey kunne kjøpe opp regjeringar rundt om på kloden til å gå med på den skrekkelege og dødelege covid- vaksinesvindelen.

Sja dette for alle detaljar.

Spørsmålet som vi europearar – ikkje dei korrupte regjeringane, men vi, folket – lyt spørje oss sjølve er: kor lenge skal vi halde fram med å tolerere at Ursula von der Leyen er president for EU-kommisjonen?

Sjølvsagt er Ursula von der Leyen ein av WEF-sjef Klaus Schwab sine elsklingar. På vegner av dei korrupte pengemennene sine plasserte han ho i denne stillinga. Ho er ikkje berre tidlegare elev ved WEF sitt Akademi for unge, globale leiarar, ho sit også i WEF sitt Trustee-styre.

Men det vernet kan svinne bort etterkvart som WEF sitt omdømme i verda glir bort i det stille. Berre tenk på WEF-katastrofen i januar 2023 i Davos. Sjå dette.

EUs sentralbank

Eller eit endå betre spørsmål: kor lenge vil europearane tolerere det ultra-korrupte EC / EU-oppsettet? Ein skulle for lenge sidan ha demontert EU og gått tilbake til nasjonalstatane og lokal valuta. Det ville ha vore ei skikkeleg vitamininnsprøyting for den europeiske økonomien og velferden til europearane.

Di lenger vi, Folket, ventar, dess vanskelegare blir det å kome seg ut av den finansielle fengselsmatrisa.

Sjå på dette frå Christine LaGarde, presidenten for Den europeiske sentralbanken (ECB). Ho lovar fengsel viss ein bruker tusen euro i kontantar.

Ironisk nok har Christine LaGarde, som driv ECB på vegner av mektige finansinteresser, sjølv eit kriminelt rulleblad.

Screenshot: The Independent, Desember  2016  : ECB-sjefen Lagard (den gong sjef for Det internasjonale pengefondet IMF) dømd for vanstyrt pengebruk då ho var finansminister i Frankrike. Strafferamma var eitt år i fengsel, men ho sleppte unna alla straff.

Klikk her for å sjå videoen.

Når skal vi vakne?

Omsett av Monica Sortland

https://www.globalresearch.ca/madame-von-der-leyen-mckinsey-pfizer/5816278

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...