Derimot: USAs militære og ikke minst marinen mangler strategisk dybde. Nå sniker de seg ut av Rødehavet etter et år med mislykket politikk. – Derimot

derimot.no:

US Navy ikkje klare for beste sendetid

Av Larry C. Johnson 

Konkurransen mellom dei ulike militærtenestene i USA i kategorien «Kva for ei teneste er mest mislykka?» heitnar til. Er det hæren, US Army, som berre kan nå rekrutteringsmåla ved å senke talet på ønska rekruttar? Eller er det luftvåpenet, Air Force, som har innrømt at berre 29% av F-35-jagarflya er kampklare? Eller er det marinen, US Navy? Sorry til mine maritime kompisar, men det ser ut for at marinen tar leiinga i kategorien.

Det siste nederlaget til marinen skjedde i Den persiske golfen. USNS Big Horn gjekk på grunn og skadde roret og tok inn vatn i maskinrommet. Skipet er ute av drift og har ankra opp utanfor kysten av Oman. Big Horn er ein «Oiler», ein slags flytande bensinstasjon som har i oppdrag å forsyne dei atomdrivne hangarskipa med drivstoff og anna. Korfor treng eit atomdrive skip bensin og olje? Fordi flya på hangarskipets dekk treng påfyllingar. Dei er ikkje drivne av ein atomreaktor.

Bygginga av Big Horn, det tolvte skipet i Henry J. Kaiser-klassen, starta den 9. oktober 1989 på skipsverftet Avondale Shipyard, Inc., ved New Orleans, Louisiana, og skipet vart sjøsett den 2. februar 1991. Det gjekk inn i teneste i US Navy med primært sivilt mannskap den 21. mai 1992, under Military Sealift Commands kontroll. Det tenestegjer i United States Atlantic Fleet.

Det er her det blir interessant. US Navy har ingen oiler’ar til overs som berre flyt rundt og ventar på å ta over for Big Horn. Det betyr at viss kampeiningane på hangarskip som Big Horn forsyner no kjem i kamp, så vil flya ombord gå tom for drivstoff og bli ubrukelege. Sal Mercoglian leverer ei flott vurdering av situasjonen.

US Navy sin impotens har blitt vist fram gjennom dei 10 siste månadane, der dei har flote rundt i Raudehavet. Operation Prosperity Guardian, som var meint å få bukt med Houthiane og opne sjøvegen for maritim trafikk til Israel, var komplett mislykka. Sjøvegen er framleis stengd og US Navy har snike seg bort for å gjere andre ting. Land vi ser på som fiendar, så vel som våre allierte, har lagt merke til vår manglande evne til å få tinga gjort.

Trass i eit forsvarsbudsjett på meir enn $850 milliardar, manglar USAs militær generelt strategisk djubd. Dei kan kjempe ei kort tid mot ei jambyrdig makt, men har ikkje forsyningane og mannskapet som trengst til å halde gåande ein kamp som den som utspeler seg i Ukraina. US-amerikanske politikarar verkar ha gløymd den kjensgjerninga, og eg fryktar at dei ikkje vil vakne opp til sanninga før vi har blitt rundjulte i ein langvarig, omfattande kamp.

Eg hadde ein interssant konversasjon med ein britisk podcaster, Shaun Atwood, frå Bristol. Heldigvis vart ikkje residensen hans storma av britisk politi for å stoppe samtalen.

Stephen Gardner har også lagt ut intervjuet vårt som vart spelt inn på måndag. Eg diskuterte Trump-attentatet og den veike sosen av eit Republikansk leiarskap i Representanthuset.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/us-navy-not-ready-for-prime-time/

Forsidebilde: KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...