Derimot: Krigen mot Russland er ikke bare militær. Det er en krig for at VI ikke skal forstå hvordan DE tenker. – Derimot

derimot.no:

Kognitiv krigføring i Vesten

av Thierry Meyssan

Sensur i Vesten er berre ein hersketeknikk frå ein annan tidsalder. NATO driv ein kognitiv krig, ikkje mot idear og tenkning, men for å endre innbyggarane si evne til å ta omsyn til måten andre kulturar tenker på. Denne krigen førte først til forbodet mot russiske medium som RT, Sputnik og så vidare. Deretter, i dag, til å legge kraftig press på journalistar som Scott Ritter og Jürgen Elsässer, som ikkje ser på russarane som fiendar fordi dei er i stand til å forstå dei.

Voltaire Network | Paris (France) | 24 September 2024

Rossia Segodnia er Russlands offentlege kringkastargruppe. Dei produserer seks fjernsynskanalar (RT Group), pressebyrå (Sputnik, RIA-Novosti) og nettsider (Voice of Europe). Dei er no administrativt forbodne i EU og snart i USA.

Den Vestlege dogmatikken rundt konflikten mellom angelsaksarane og Russland tolererer ikkje motseiing. Fleire peronar og selskap som har lagt fram andre synspunkt, har blitt utsette for vilkårleg undertrykking.

I Frankrike starta alt under presidentvalkampen i mai 2017. To russiske mediekanalar, RT og Sputnik, publiserte hacka filer frå kandidat Emmanuel Macron sitt team og kommentarane til ein parlamentsmedlem om hans påståtte offshore-konto på Bahamas. Hr. Macron sendte inn ein klage mot X (dvs. Utan å namngi gjerningsmannen), medan dei gjeldande media kunngjorde at dei ville sende inn ein klage for æreskrenking (men presidenten kan ikkje dømmast så lenge han sit som president). Men situasjonen heldt seg uendra fram til Macron ein månad seinare, då han hadde blitt gjenvald som president, heldt ein pressekonferanse med sin russiske motpart, Vladimir Putin, i Versailles. Han skildra då dei russiske media som “eit organ for påverknad som gjentatte gongar [har] produsert usanningar om min person og min kampanje (…) Russia Today og Sputnik tedde seg ikkje som presseorgan og journalistar, men dei tedde seg som organ for påverknad, propaganda og villeiande propaganda, verken meir eller mindre.”

I 2020 gir britiske styresmakter éi forklaring på forgiftninga av Sergei og Yulia Skripal, medan RT gir ei anna. Medietilsynet, the Office of Communication (Ofcom), utstadar ei rekke åtvaringar til den russiske kanalen, og til sist bøtelegg dei kanalen med £200 000, ei straff Høgsterett i London seinare godkjende.

Den 10. mars 2021 publiserte USAs direktør for Den nasjonale etterretningstenesta ein rapport om utlandske truslar under 2020-valet [1]. Ho hevda at president Vladimir Putin hadde instruert media sine til å baktale kandidaturet til Joe Biden’ og såleis støtte Donald Trumps. Men ingenting av dette er lastverdig og ingen medium er sitert.

I 2022 er tyske styresmakter uroa over RT si framstilling av “den russiske aggresjonen mot Ukraina”. Kanalen presenterte Kreml sine argument om “den spesielle militæroperasjonen”, som var nødvendiggjort fordi det sat nynazistar i regjeringa i Kiev. Derfor forbaud dei kanalen, og EU slo snart følge. Den 27. februar annonserte kommisjonspresident Ursula von der Leyen at RT og Sputnik var forbodne i heile EU. Få dagar seinare stengde YouTube europeisk tilgang til RTs kanalar og pressebyrå. Ein månad seinare forbaud også Canada RT og Sputnik.

Sensuren akselererte i 2024. Den 27. mars 2024 forbaud den tsjekkiske regjeringa nettsida til Voice of Europe og innførte sanksjonar mot den ukrainske eks-parlamentarikaren Viktor Medvedchuk fordi dei meinte han hadde finansiert den. Same dagen raida polsk politi Warszawa-kontoret til nettstaden og beslagla kontantar. Den 17. mai 2024 forbaud EU også RIA-Novosti, Voice of Europe, Izvestia og Rossiïskaïa Gazeta.

Verken i USA eller i EU har det nokon gong vore reist sak mot RT, Spunik, RIA-Novosti, Voice of Europe, Izvestia eller Rossiyskaya Gazeta. Forboda er reint administrative. I EU gjeld ikkje pressefridommen for russiske medium.

Tysklands føderale politi innleia rundt tjue høgprofilerte raid for å undertrykke eit imaginært brotsverk, og dei la beslag på store mengder utstyr. Men forvaltningsretten la seinare bort heile saka.

Den 15. juli 2024 raida det tyske føderale politiet heimane til Jürgen Elsässer, som er sjefredaktør for Compact, Magazin für Souveränität, og rundt tjue av kollegaane hans. Dei leita etter bevis for statskupp og la beslag på ei stor mengd material, men fann ingenting. Samtidig gjekk innanriksministeren, Sosialisten Nancy Fraeser, ut med eit administrativt forbod mot magasinet.

FBI ransakar heimen til Scott Ritter. Den tidlegare inspektøren for FNs Spesialkommisjon (UNSCOM), som hadde ansvaret for tilsynet med elimineringa av masseøydeleggingsvåpen i Irak, vart vidkjend då han avviste løgnene til president George Bush. No avviser han den atlantisistiske retorikken om Ukraina-konflikten.

Den 7. august 2024 vart heimen til Scott Ritter ransaka av FBI, som var på jakt etter bevis for russisk finansiering. Også her vart mykje beslaglagt, men ingenting funne. Hr. Ritters einaste feil er at han etter krigen mot Irak aldri slutta å analysere løgnene til regjeringa(ne) i USA, ei form for protest som i prinsippet er tillate i eit demokrati.

Den 14. august oppheva den føderal forvaltningsretten i Leipzig forbodet mot Compact, Magazin für Souveränität, inntil Scholz-regjeringa legg fram bevis for konspirasjonen dei har skulda magasinet for. Domstolen krev at alt som er beslaglagt frå Jürgen Elsässer og medarbeidarane hans skal givast tilbake. I røynda er hr. Elsässers einaste brotsverk at han har erklært at Scholz-regjeringa svik det tyske folket og at han skulle ønske dei vart styrta – ei meining som rett nok er radikal, men prinsipielt lovleg i eit demokrati. I tillegg til magasinet, har han oppretta ein internett-kanal som dagleg har 1,2 millionar visningar.

Den 4. september 2024 kunngjorde Washington straffeforfølging og sanksjonar i respons på forsøk på innblanding i vala, som dei skulda Russland for. Utanriksdepartementet innførte visum-restriksjonar på mediegruppa Rossia Segodnia.

Den 13. september 2024 kritiserte utanriksminister Antony Blinken i eit intervju med pressa dei destabiliserande aktivitetane til RT, som han skildra som ei “grein” av russisk etterretning rundt om i verda. Nesten to år tidlegare hadde departementet hans publisert ein spesialrapport: Kremlin-funded media: the role of RT and Sputnik in the Russian disinformation and propaganda system [2]. Tre dagar etterpå, den 16. september, erklærte Meta, som eig Facebook, Instagram og WhatsApp, at “Rossia Segodnia, RT og andre relaterte einingar er no forbodne på våre app’ar over heile verda på grunn av deira aktivitetar med utlandsk innblanding.”

Den 21. september føyer kinesiske Tik Tok seg etter USAs utanriksdepartement og stenger kontoane til dei russiske media.

Ein kan sjølvsagt tru desse sakene ikkje har noko med kvarandre å gjere, sjølv om dei alle gjeld mediekanalar, men det er usannsynleg. Styresmaktene i USA og EU har brote prinsippet om ytringsfridom, som er forankra i USAs grunnlov og i europeiske lover. Spørsmålet er kva for eit organ det er som koordinerer desse handlingane, og med kva føremål.

I 2016 rapporterte eg om opprettinga av NATO sitt Strategic Communications Center [3] og i 2022 om Biden-administrasjonen sitt Disinformation Governance Board [4]. Førstnemnde eksisterer framleis og ekspanderer, medan sistnemnde vart oppløyst og direktøren flytta til det britiske utanriksdepartementet.

Heile systemet prøver no å gripe inn så tidleg som mogleg. Basert på dei siste oppdagingane innan nevrovitskap, er målet å styre hjernen allereie før den kan tenke: dette er “kognitiv krigføring”. Denne teorien er ei fransk oppfinning, skapt av dei tre frå Bordeaux, François du Cluzel, Bernard Claverie og Baptiste Prébot [5] i NATOs Allied Command Transformation, under kommandoen til generalane André Lanata og Philippe Lavigne.

Utifrå perspektivet til kognitiv krigføring, lyt vi intervenere så tidleg som mogleg, før visse idéar får vunne fram. Det var derfor, då Russland i februar 2022 implementerte FNs Sikkerheitsråds Resolusjon 2202 (feilaktig kalla “russisk aggresjon” av atlantisistisk propaganda), Russlands opponentar nølte med å forby russisk kultur, og venta med forbodet mot russiske mediekanalar. Til sjuande og sist gagnar det dei å ikkje forby russiske synspunkt i media, men medium som prøver å forstå russisk tankegang.

Fienden er altså ikkje lenger den som gjentar kommunikéa til Kreml, men den som prøver å forstå den russiske tenkemåten. Dette var ein gong diplomatane si oppgåve: å forstå andre folks tenkesett. Men den 16 april 2022, oppløyste president Macron det diplomatiske korpset rett etter at han hadde fått forbode russiske medikanalar i Frankrike, og for eit par veker sidan arresterte administrasjonen hans Pavel Durov, grunnleggaren av Telegram, som var skuldig i å gi brukarane sine moglegheita til å kommunisere privat og diskutere med russarar.

All denne innsatsen blir mest truleg koordinert av Natos Strategic Communications Center, det einaste organet med både erfaring innan kognitiv krigføring og autoriteten til å få visse medium forbodne og visse personar arresterte.

Ifølge informasjon vi sit på, er måla utpeika av Bayern-kontoret for grunnlovsforsvar (Bayerisches Landesamt für Verfassungsschutz). Dette kontoret vart oppretta i 1950 av US High Commissioner to occupied Germany, John McCloy. Det vart bemanna med tidlegare SS- og Gestapo-offiserar. Ingenting har endra seg sidan den gong: for nokre få månadar sidan, til dømes, klassifiserte dette kontoret ca hundre opposisjonsgrupper, inkludert organisasjonen Attac og partiet Die Linke, som “venstre-ekstremistar”, med skuldingar om samrøre med terrorisme og rekommendasjon om at dei skulle bli forbodne.

Til mi store overrasking fekk eg sjansen til å få verifisert at dette kontoret klassifiserer meg som ein “russisk agent for påverknad” på grunn av mitt forsvar av dei internasjonale folkerettane som vart oppretta i 1899 opp av regjeringa til Nikolaj II og den franske Nobels fredsprisvinnaren Léon Bourgeois [6]. Tydelegvis reagerte blodhundane på referansen til tsaren, og ignorerte omtalen av den berømte politikaren, tidlegare Råds- og Parlamentspresident Bourgeois. Det stemmer at vi allereie har stroke han frå skulens historiebøker.

Vi står no framfor eit historisk vegskille: for å stå imot kognitiv krigføring treng vi referanseverkty, samanlikningspunkt, allmennkunnskap.

Nøkkelpunkt:
• Heller enn å praktisere brei sensur av dissident-idear, ønsker NATO å påverke sjølve tenkemåten vår. Dette er “kognitiv krigføring”. Alle idear er tillatne, men ingen bør ha ein generell kultur, altså eit intellektuelt middel til å få ideane verifiserte.
• Forboda mot russiske mediekanalar og dei høgprofilerte raida mot Scott Ritter og Jürgen Elsässer gjer massearrestasjonar unødvendige. Det er ikkje lenger nødvendig å terrorisere folket når vi har stengt munnen på dei som hindrar oss i å springe blindt rundt i sirkel.

Thierry Meyssan

Translation Monica Sortland

[1Foreign Threats to the 2020 US Federal Elections, Avril Haines, March 10, 2021. [2Kremlin-Funded Media : RT and Sputnik’s Role in Russia’s Desinformation and Propaganda Ecosystem, Global Engagement Center, January 2022. [3] “The NATO campaign against freedom of expression”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 5 December 2016. [4] “The West renounces freedom of expression”, by Thierry Meyssan, Translation TheAltWorld, Voltaire Network, 10 November 2022. [5Cognitive Warfare, François du Cluzel, NATO’s Allied Command Transformation, November 2020. [6] “What international order?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 7 November 2023.

Forsidebildet er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...