Derimot: Det hardner til i Midt-Østen. Putin sier at langdistanse presisjons-missil betyr krig med NATO. – Derimot
derimot.no:
USA blinkar under standoff med Iran, medan Putin åtvarer om krig med NATO
av Larry Johnson
Nokre veldig viktige ytringar og trekk i dag. Det største – og mest alarmerande – kjem frå Vladimir Putin. Han pakkar ikkje inn orda sine: alle angrep inne i Russland med Vestlege presisjonsmissil vil bli handsama som ei krigshandling, og Russland vil respondere i samsvar med det.
Dette bør få alarmklokkene til å ringe hos Pentagon og USEUCOM (US European Command) og NATO. Men eg trur dei militære lettvektarane det myldrar av der, har overtydd seg sjølve om at Moskva berre driv med (meir) sabelrasling. Det er nettopp slike feilslutningar som kan føre til ugjennomtenkte avgjerder frå NATO og Ukraina si side.
Medan Putin er krystallklar om Russland sitt standpunkt på bruk av slike våpen, blir situasjonen i Ukraina mørkare for kvar dag som går. Russland kunngjer erobring av minst tre tettstadar per dag i Donbas og rykker fram med dødsforakt i Kursk-regionen. Det finst ikkje ein ting Ukraina kan gjere for å endre vegen til nedelag, ikkje ein gong med støtte frå NATO.
Over til Syria. Eg la ut denne snutten for moro skuld. Ein tomsete, testosteron-fattig PR-agent for FN fekk metaforisk rundjuling av ein asiatisk reporter som kravde svar om USA sitt hykleri når dei plasserer troppane sine i Syria utan at den syriske regjeringa har gitt løyve til det.
Så er det USA si manglande evne til å oppretthalde ein militær ereksjon i Den persiske golfen. Etter at dei i all hast overførte to hangarskip til Midtausten då dei venta at Iran skulle starte eit gjengjeldsangrep på Israel, har USA no gitt USS Roosevelt ordre om å forlate vest-Asia (dvs. Den persiske golfen) og sette kursen mot Kina. Eg er sikker på at USAs planleggarar kjem til å feire denne utviklinga som prov på at dei greidde å skremme Iran til å trekke tilbake den lova hemnen. Men eg meiner det er å ta sigeren på forskot om dei poppar champagne-korkane no, for Iran kjem til å slå til når og der dei sjølv vil.


Relatert til det: det kjem rapportar frå Europa om at Hizbollah sin sperreeld av missil/dronar for tre veker sidan påførte betydelege tap for israelske etterretningsoperatørar basert i Gillot, hovudkvarteret til Unit 8200. Netanyahu innførte eit nyheitsembargo rett etter dei angrepa, noko som tilfører truverd til rapportane om at Hizbollah fekk seg ein siger.
Til slutt, her er samtalen min her om dagen med venen min, Rasheed Mohammed.
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/us-blinks-in-standoff-with-iran-while-putin-warns-of-war-with-nato/