Derimot: Er opptøyene i Storbritannia og gjengkriminaliteten i Sverige bare et forvarsel? Står vestens kultur foran sitt sluttspill? – Derimot
derimot.no:
Den vestlege sivilisasjonen vil ENDE takka vere innvandrarinvasjonen
Ethan Huff på Natural News skriv:
Det verda er vitne til i Storbritannia akkurat no med innvandrarkrisa, er berre ein testmodell for det som vil skje med heile Vesten so fort globalistane som sit med makta får kloa i den.
Ein del av planen er å hjernevaske barn på «skulen» om korleis ein lukar ut «feilinformasjon» om ulovleg innvandring. Dei som styrer vil at den neste generasjonen skal tru at innvandrarinvasjonen er bra for Vesten, og hjelper til med å gjere den kulturelt rikare.
I Storbritannia skal alle skular frå no av ha kurs om «feilinformasjon» og farane tilknytt «ekstremist-innhald» på nettet. Barn skal bli fortalde at britiske borgarar som protesterer mot opne grenser er «farlege», og at dei må kjempast mot med «kritisk tenking».
«Ikkje eigentleg kritisk tenking, altso, berre tenking som er kritisk til sanninga», åtvarar Leo Hohmann på sin Substack. «Eit betre ord for det ville ha vore hjernevask eller sensitivitetsopplæring.»
Dersom globalistane lykkast, vil den neste generasjonen britar tru det er uakseptabelt å stille spørsmål ved autoriteten til Allah, Islams gud, over britisk lov. Ein 61 år gammal engelsk mann vart nyleg arrestert for å gjere nettopp dette, og vil no måtte tilbringe halvanna år bak murane.
Mannen, som heiter David Spring, var til stade på ein protest 31.juli der han peikte på politibetjentar og ropte «Who the fuck is Allah?» Spring sa til betjentane at dei «ikkje lenger er engelske», og dei svarte med å leggje han i jarn og hive han rett i kasjotten. […]
Ytringsfridommen er i ferd med å døy
Til og med for berre nokre år sidan ville noko slikt ha vore uhøyrt i Storbritannia. I 2024 er det rådande praksis – og vil snart bli norma i USA òg, utifrå korleis ting går for tida.
Storbritannia ser ut til å allereie ha falle for ekstrem autoritarisme. USA ligg berre nokre steg bak, noko som tydar at det framleis er tid for amerikanarar å kjempe tilbake og avvise politistatskontrollen over ytringar som no blir implementert på over dammen.
Hohmann skreiv ei bok i 2017 ved namn Stealth Invasion [«list-invasjon»], som åtvara om alle desse tinga som no skjer fleire år før dei skjedde. Han forklarer i boka si korleis ulovleg innvandring er eit kraftig våpen som globalistane bruker for å tvinge den vestlege befolkninga under sin kontroll.
«Alle som har lese Stealth Invasion veit at dei bitre fruktene til globalistane sin splittande innvandringspolitikk har gjæra i mange år,» seier Hohmann. «Den britiske regjeringa har drive og importert ikkje-integrerbare muslimar i fleire tiår, og overfløymt enkelte byar til det punktet at til og med politiet listar seg stilt på tå i frykt for å fornærme den utanlandske kulturen, som gradvis har blitt den dominerande kulturen.»
«Kyrkjer, som har blitt forlatne av ein gong so trufaste kristne samfunn, blir rutinemessig bygde om til moskear. Dei muslimske bønneropa lyd frå høgtalarar tre gonger for dag. Alle som fornærmar denne utanlandske kulturen, eller sårar kjenslene til ein muslim, blir latterleggjort som ‘rasist’ og ‘islamofobisk’. No kan dei til og med bli arrestert.»
Det ser ut til at britisk politi ikkje kunne ha brydd seg mindre om øydelegginga av landet sitt gjort av dei ulovlege innvandrarane. Etter at hundrevis av unge britiske jenter viste seg å ha blitt grooma og brukt til sexhandel i Rotherham av ein pakistansk muslim og vennene, reagerte politiet med å gjere absolutt ingenting.
«Alle som klaga vart hengt ut som rasistar, hatarar, so det vart ikkje rapportert på fleire år,» åtvarar Hohmann.
«Den britiske regjeringa, når det gjeld å styrke utanlandsk kultur, har gradvis underkasta seg den mest lettvinte måten, ved å faktisk arrestere dei som utfører den islamske synda blasfemi mot den falske guden Allah og hans rabiate følgjarar. Slik fungerer Sharia.»
Vil USA slik vi no kjenner det framleis eksistere i 2025?
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
Forsidebilde: KI-generert
Innlegget er hentet fra Saksyndig