Derimot: Domstol i Sveits. Foreldre fratatt omsorgen for 16-åring fordi de nektet henne å skifte kjønn. – Derimot
derimot.no:
Domstol i Geneve: Foreldre får ikkje hindre si 16 år gamle dotter i å skifte kjønn
av Christoph Pfluger og Peter Koenig
Introduksjon
Denne saka skildrar eit brotsverk som den internasjonale WOKE-agendaen har pådytta verda, som strir imot alle vanlege lover som har blitt fortrengde av den såkalla Regelbaserte ordenen – eller heller Den regelbaserte uordenen, som ein liten ultra-rik elite av sjølverklærte verdsherskarar har funne på.
Dette brotsverket – mest sannsynleg finst det andre, liknande, i Sveits og Europa – er ei konkret rettssak som skjer rett for auga på sveitsarane, men knapt nokon veit om det. Det blir knapt dekka av mainstream-media. Den sveitsiske domstolen viser til paragraf 30b i Sveits’ såkalte Civil Code, som seier at kjønnsskifte for personar i alderen 16 år og oppover ikkje lenger treng godkjenning frå foreldra.
Men det denne paragraf 30b ikkje dekkar, er at LGBTIQ+ propagandaen i offentlege skular starta minst tre år tidlegare, då jenta berre var 13 år gammal, visseleg illegalt, enten det kom frå høgste hald i den sveitsiske regjeringa eller berre vart tolerert av desse.
Denne Woke-agendaen speler seg ut i Europa, USA og Vesten generelt.
Korfor? Er det fordi skeive og transkjønna folk ikkje har barn?
Verdsøkonomisk forum (World Economic Forum, WEF) sin Great Reset så vel som Club of Rome, med hovudkvarter i Winterthur Sveits, skreiv i sin første illgjetne rapport, «Limits to Growth» (1972, grenser for vekst) at verda er overbefolka og krev ein massiv befolkningsreduksjon.
Sjå denne nye videoen med ein av dei opprinnelege forfattarane av Limits to Growth – Dennis Meadows, som også er medlem av WEF.
Sidan emnet knapt får dekning i media, burde denne saka givast internasjonal merksemd, slik at alle verdas folk kan identifisere med sine eigne saker og stå imot.
—Peter Koenig, 12. august 2024
***
Domstol i Geneve: Foreldre får ikkje hindre at den 16 år gamle dottera skiftar kjønn
av Christoph Pfluger, 4.august 2024,omsett frå tysk
Foreldra er tvinga til å levere dei nødvendige dokumenta. For eit år sidan vart dottera – då 15 – separert frå foreldra sine etter ordre frå retten.
Dramaet starta i 2021, då den den gong 13 år gamle dottera uttrykte at kjønnsidentiteten hennar var «mann». Dette i samband med psykologiske vanskar på slutten av pandemien.
Foreldra sende ho til psykoterapi. «Men skulen, saman med ungdomsvelferdskontoret og den statsfinansierte transkjønn-lobbyistorganisasjonen Le Refuge, gjennomførte ein ‘sosial overgang’ sjølv om foreldra hadde sagt at dei ikkje ønska det.» Det skriv Alliance Defending Freedom International (ADF, den internasjonale alliansen til forsvar av fridommen). Dottera fekk nytt namn og mannleg pronomen og vart handsama som ein gut.
Etter at foreldra nekta bruk av reseptbelagte pubertetesblokkarar, vart dottera tatt ifrå dei med ein rettsordre i april 2023 og plassert i ein heim. Men ho var tydelegvis framleis under påverknaden til Le Refuge, eit «drop-in-senter for LGBTIQ+ unge folk i vanskar», som får pengestøtte frå det sveitsiske føderale byrået for folkehelse og Geneve kanton, mellom andre.
I dag, i ein alder av 16 år, vil dottera tilsynelatande gjennomgå kirurgisk nytildeling av kjønn. For at det skal kunne gjerast, krevst det identifikasjonspapir, og desse er no foreldra tvinga til å overlevere, ifølge ankedomstolen i kantonet Geneve.
Ifølge paragraf 30b av Swiss Civil Code, krevst det ikkje samtykke frå den legale representanten for å skifte kjønn på ein person som har nådd alderen 16 år. Retten argumenterte med at avgjerda om eins eigen identitet er ein reint personleg rett som må bli gitt til dottera.


Ifølge ADF motargumenterte foreldras forsvar med at ein tenåring som har problem med den mentale helsa ikkje er i stand til å vurdere langsiktige helsekonsekvensar av ein slik «overgang». Det kunne lova ha tatt omsyn til.
Felix Böllmann, tysk advokat og ansvarleg for saka i ADF International, sa:
«Domstolen bør støtte barnets beste interesser og foreldras rettar i staden for å bruke ideologiske omgrep til å rive barn og foreldre frå kvarandre. Dei sveitsiske styresmaktene burde heller sjå til Storbritannia, der høgsterett nyleg opprettheldt forbodet mot pubertetsblokkarar. Sveits burde følge britane i dette: barnets velferd og foreldrerettar kjem først.
Foreldra vurderer å anke til den føderale høgsteretten.
Ei skandaløs sak. I bakgrunnen er ideologien om at kjønn ikkje lenger er bestemt av biologi, men av ei emosjonell sjølvoppfatning som så skal gjerast om til ein biologisk realitet ved hjelp av medisinske inngrep. Ein studie frå Danmark i 2023, den første landsdekkande studien i sitt slag, viser at dette ikkje er nokon god ide.
Resultat frå studien viser at transkjønna folk har ein åtte gongar høgare risiko for å gjere sjølvmordsforsøk enn ikkje- transkjønna har, og fullførte sjølvmord er tre og ein halv gong så vanleg. Igjen: dette er eit stykke vitskap som burde takast på alvor.
Kjelder:
ADF Int: Swiss court orders parents to hand over ID card for 16-year-old daughter’s legal “gender change”. 31.7.2024
ADF Int (youtube): Parents lose daughter to trans ideology: “They took our daughter away”
Infosperber: The undesirable consequences of gender reassignment. 30.8.2023
NZZ: More and more girls want to be boys – and doctors are giving in to the transgender trend despite the risks. 5.11.2020
Emma: England bans puberty blockers. 14.3.2024
Univadis: Highly increased rate of suicide attempts among transgender people. 29.7.2024
Omsett av Monica Sortland
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst.
Forsidebilde: KI-generert