Derimot: Avslag på asylsøknad men får bli til tross for omfattende kriminalitet. Tyske myndigheter er handlingslammete. – Derimot

derimot.no:

Den verste kriminelle innvandraren i Tyskland? Éin asylsøkjar terroriserer småby

John Cody på nettstaden ReMix News rapporterer:

Sjølv medan tyske styresmakter stengjer ned nyheitsformidlarar som ytrar kritikk mot masseinnvandring, har landet aldri før sett so mykje kriminalitet frå utlendingar, der andelen utanlandsk kriminalitet nådde eit rekordhøgt nivå i 2023. For å trekkje fram eit døme på denne trenden, set tilfellet i småbyen Apolda i den austlege tyske delstaten Thüringen søkjelys på ei av dei mest ekstreme sakene i heile landet. Der har ein marokkansk asylsøkjar drive og terrorisert den vesle staden i nesten ti år, og lokale styresmakter verkar makteslause i å stoppe alt skadeverket.

(Sjå òg «Innvandrarkriminaltet når nye rekordnivå i Tyskland», publisert 16.april 2024.)

Denne 42 år gamle marokkanske innvandraren har fått avslag på asylsøknaden fleire gonger og trass at han har utført kriminalitet nesten utan stans, har forsøk på å deportere han mislykkast, og den marokkanske regjeringa nektar å ta imot han trass at tyske styresmakter bekreftar identiteten hans. Mannen, som vart fødd i Casablanca i 1982, er ein kjenning av Interpol for ymse brotsverk, men marokkanske styresmakter nektar for at han er ein av deira statsborgarar.

Asylsøknaden til mannen vart avvist allereie i 2014 sidan han reiste inn i Tyskland via Italia. På den tida skulle han eigentleg bli sendt tilbake til Italia under Dublin-reglane, som slår fast at innvandrarar skal bli verande i det fyrste landet dei blir registrerte i; derimot, for millionar av innvandrarar, vart desse reglane fullstendig ignorert. I april 2015 greidde styresmaktene endeleg å sende han tilbake til Italia, men berre fire dagar seinare kom han seg tilbake til Tyskland, trass at han hadde eit femårig forbod mot innreise og opphald der.

Tiltalt for 46 brotsverk

Etter at han vendte tilbake vart han arrestert mange gonger, for å ha motsett seg arrestasjon, overfall, skade på eigedom og trugslar. Politiet oppretta 46 saker på han, og i 2016 dømde ein regiondomstol i Erfurt han til 23 månaders fengsel.

Medan han sat inne sendte han ein asylsøknad utan å lykkast, og i 2017 utstada styresmaktene ein ordre om at han måtte bli «tvinga til å forlate landet». Derimot, då han sleppte ut av fengsel i juli 2017, gjekk han til åtak på nok ein politibetjent på asylsenteret han nettopp hadde blitt tilvist, og vart arrestert for eit narkotikarelatert brotsverk.

Tiltalt for 50 fleire brotsverk

Det blir mykje verre etter dette. I april 2019 vart han atter ein gong fengsla etter å ha utført 50 nye brotsverk, inkludert fysisk åtak, tjuveri, ulovleg opphald på privat eigedom, fleire tilfelle av trygdebedrageri, motsetjing av arrestasjon, og skade på eigedom. På dette punktet hadde han utført meir enn 100 brotsverk sidan han kom til Tyskland, men det skulle vise seg å vere langt frå slutten på hans kriminelle rulleblad.

På dette punktet hadde til og med andre innvandrarar blitt leie av marokkanaren, og bebuarar på hans eige asylsenter byrja å skrive for å få mannen fjerna, eit skriv som vart underskrive av meir enn 146 bebuarar og tilsette i november 2019.

So fort mannen sleppte ut av fengsel, byrja han straks å utføre fleire brotsverk hausten 2022, og vart arrestert i juli 2023 for lekamsfornærming, som han vart sett i fengsel for igjen i mai i år. Då han kom frå fengsel og inn i asylsenteret igjen, truga han bebuarane, fornærma politibetjentar, og neste dag kravde han pengar frå distriktskontoret «på ein ekstremt aggressiv måte», for so å spytte på betjentar.

Inga hjelp ovanfrå

Lokale styresmakter har blitt so desperate at dei har gått ut med ein appell til statsminister Bodo Ramelow om hjelp; distriktsadministrator Christiane Schmidt-Rose (CDU) i Thüringen-distriktet Weimarer Land og Apolda-ordførar Olaf Müller (CDU) har skrive eit brev til Ramelow, der dei la ut i detalj om den ekstreme naturen til brotsverka til asylsøkjaren.

«Desse nylege hendingane har nok ein gong gjort det tydeleg at den gjeldande forbrytaren ikkje kan kontrollerast,» står det i brevet. Brevet melder òg at han no nyleg, i slutten av juli, etter å ha sleppt ut av fengsel, utløyste fire politioperasjonar på 24 timar, og betjentar måtte med makt arrestere han etter den fjerde operasjonen.

Det er her verdt å merkje seg at tenestepersonane som skreiv brevet ikkje ber om at mannen skal deporterast, sidan dette ikkje er mogleg i Tyskland på grunn av ymse lover, og inkludert det at Marokko nektar å ta mannen tilbake. I staden ønskjer dei å flytte problemet over til nokon andre. Dei krev konkret handling frå statsministeren, og at forbrytaren blir plassert i eit anna distrikt eller by.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...