Som lova, gjekk min gamle ven J. Lawrence (Larry) Cunningham med på å gjere eit Zoom-intervju med meg i dag for å diskutere den siste utviklinga i forsøket på å myrde Donald Trump sist sundag. Larry Cunningham jobba i tjue år som Secret Service-agent, i treningsavdelinga, og som supervisor med ansvar for tryggleiken til Ronald Reagan, blant anna. (Merknad — Larry leia Reagan-spesialtenesta eitt år etter at John Hinkley prøvde å drepe Reagan.)
Bror Cunningham og eg valde ei forsiktig tilnærming rett etter skyteepisoden sist laurdag, og vi nølte med å føreslå at det kunne vere snakk om eit sanksjonert attentat-komplott – ein spesifikk konspirasjon for å drepe Trump, tilrettelagt av personar tilknytte USAs regjering.
Her er lista over store, raude flagg:
Først, Trump sine vanlege Secret Service-agentar var enten sende på ferie eller omplasserte. Ein person frå Secret Service’ avdelingskontor i Pittsburgh den som hadde ansvaret. Sjefen for det kontoret er Kevin P. Rojek. I bio’en hans står det:
Rojek var stabssjef for byråets Criminal, Cyber, Response, and Services Branch. Rojek byrja i FBI i 2002, då han vart plassert i avdelingskontoret i Norfolk for å etterforske kontraspionasje-saker. I 2010 vart Rojek supervisory spesialagent ved Norfolk-byråets skvadron for cyber- og global kontraspionasje.
Kevin P. Rojek
Med andre ord hadde han NULL erfaring med å styre spesialoperasjonar for personbeskyttelse. Kanskje hadde han noko som ikkje var nemnd i bioen, men eg trur det er usannsynleg. Ein Secret Service-agent med erfaring med styring av særtenesteoperasjonar, er vanlegvis stolt av å føre det opp på lista over erfaringar.
For det andre mislykkast Secret Service i å gjennomføre ein full inspeksjon av staden på førehand.
For det tredje mislykkast Secret Service i å stenge bygga som skyttaren brukte til å angripe Donald Trump.
For det fjerde mislykkast Secret Service i å ha ein «dagens farge» [“color-of-the-day” blir brukt i nokre politiavdelingar i storbyar til å identifisere under-cover-agentar, mrk.] for å skille ven frå fiende.
For det femte mislykkast Secret Service i å bruke ein drone til å gi eit overblikk over staden. Ein slik drone kunne ha levert direktesendt video som ville ha vist ein uautorisert person på taket.
For det sjette var Crooks identifisert som ein mistenkeleg person minst 45 minutt før Donald Trump entra scena. Secret Service mislykkast i å halde Trump på ein trygg plass inntil ein hadde utgreidd trusselens natur og nøytralisert den.
Eg diskuterer alle desse problema med Larry Cunningham. Eg veit det blir spekulert i ein skyttar nummer to. Eg har eitt spørsmål til dei som fremjar den historia – korfor stoppa skytinga då Crooks vart drepen? Frå Crooks’ første skot til snikskyttar-teamet til Secret Service drap Crooks, gjekk det totalt seks sekund. Seks sekund.
Eg har sett videoen som viser det som høyrest ut som eit tilleggsskot etter at Crooks var nede. Om det blir verifisert, vil det likevel ikkje endre det grunnleggande poenget – den andre skyttaren, om han eller ho eksisterte, fyrte ikkje laus mot haugen av Secret Service-agentar som var skjold for Trump. Ein andre skyttar burde ha pepra det punktet med skot. I det aller minste burde ein «andre» skyttar ha drept eller skadd fleire Secret Service-agentar. Det skjedde ikkje. Vi treng eit fullt rekneskap over skota som sniper-teamet til Secret Service skaut og eventuelle andre sniper-team av delstats- eller lokale skyttarar. Skota kan ha kome frå dei. Eg held meg til fakta – tre skadde, éin død. Det er fire kuler.
Eg legg også ut denne vekas samtale med Nima. Vi snakka saman på torsdag.