Derimot: Ikke bare i Norge.Fødselsraten i Tyskland er faretruende lav. – Derimot

derimot.no:

Den tyske fødselsraten går i golvet – spesielt i éin region

John Cody på nettstaden ReMix News melder:

Fødselsraten i Tyskland held fram med å stupe, og fall med 7% til 1,35 barn per kvinne i 2023, ifølgje Det føderale statistikkontoret – spesielt ille er det i dei austlege delstatane.

Totalt 692 989 barn vart fødde i 2023, som er 45 830 færre enn i 2022, då 738 819 babyar vart fødde og fødselsraten låg på 1,46.

Difor markerer 2023 det lågaste talet fødde barn sidan 2013, då 682 069 fødslar vart registrerte, som allereie er nær tidenes lågaste tal.

Den tyske fødselsraten har falle beint nedover sidan 2017, bortsett frå 2021, då den einaste auken vart registrert.

Det er verdt å merkje seg at kvinner med utanlandsk statsborgarskap, som utgjer ein stadig større del av befolkninga for kvart år som går, har ein mykje høgare fødselsrate enn tyske statsborgarar – hjå dei ligg den på 1,74. Til samanlikning har tyske statsborgarar ein fødselsrate på 1,26. I 2022 hadde utanlandske kvinner ein fødselsrate på 1,88 og tyske hadde ein på 1,36, som viser at det i 2023 var eit fall i begge kategoriar.

Mange tyske statsborgarar har òg ein utanlandsk bakgrunn, men deira utanlandske bakgrunn blir ikkje teken med i statistikken.

Delstatane med den lågaste andelen utanlandsk befolkning ser ein aust i landet, og dei har òg opplevd det største fallet i fødselsrate. Til dømes opplevde Sachsen eit fall på urovekkjande 10% samanlikna med 2022, medan Mecklenburg-Vorpommern fall med 9%. I Brandenburg og Schleswig-Holstein fall begge delstatane med 8%.

Faretrugande fall i fødslar har blitt registrert overalt i Europa. Allereie i 2021 opplevde Europa det lågaste talet fødde babyar på 80 år. Andre nasjonar opplevde rekordlåge fødselstal i fjor, inkludert Polen, som opplevde det lågaste talet fødde barn sidan Andre verdskrig.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
Innlegget er hentet fra Saksyndig.

Forsidebilde: Dragos Gontariu

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...