Derimot: Dypstaten er desperat:Er USA i ferd med å gå i oppløsning? – Derimot
derimot.no:
Kommentar fra oversetter:
Det forundrar meg at han (Simplicius) ikkje gjer meir ut av at «gjerningsmannen» ikkje kan vere den utpeika 20-åringen Thomas Matthew Crooks på taket. Videoopptaka viser at skotet kom frå høgre (Trumps venstre) og bygget der den drepte mistenkte var, ligg på andre sida (med mindre dei er speilvendte), Vinkelen mellom Trump og den dama i publikum, på tribunen, som vart skoten, viser dessuten at skotet må ha kome frå eit høgt punkt til høgre.
SPESIALMELDING: USA vippar på kanten av stupet
Trump skoten under drapsforsøk i Butler, PA
simplicius76.substack, 14. juli, 2024
Vel, marerittscenariet vi lenge har spådd, er sakte i ferd med å skje.
Trump vart skoten under eit valkampsarrangement i Butler, Pennsylvania, av ein snikskyttar som seiest å vere ein Antifa-terrorist, sjølv om eg enno ikkje har sett noka full stadfesting av det.
Eit utruleg bilde tatt av min tidlegare pressekorpskollega ved Det kvite hus, Doug Mills. Zoom inn rett over (eks-)president Trumps skulder, så ser du ei kule som flyg i lufta til høgre for president Trumps hovud etter eit mislykka attentat.
Det andre offeret, som no er meldt omkomen, var ei kvinne på tribuna bak Trump. Ein kirurg på staden stadfesta at eit offer på tribuna vart råka i hovudet og fekk hjernemassen sin spreidd utover. Det tyder på at det var eit kraftig kaliber.
Skyttaren vart snart sett bli trekt ned frå taket på dette bygget i nærleiken av arrangementet:










Den påståtte skyttaren som blir dradd ned frå taket.
Ein tilskodar seier han såg skyttaren klatre opp på taket og prøvde å åtvare politifolk og Secret Service, som ignorerte han:
No kjem det rapportar om at Trump hadde prøvd å styrke sikkerheitsoppstillinga si, men vart gong på gong nekta av Bidens DHS (Department of Homeland Security):


Dette kjem berre nokre dagar etter at Biden og andre prominente Demokratar dog-whistl’a til sine radikale supporterar at Trump skulle framstillast som ein som til ein kvar pris måtte «stoppast»:






—
Men det mest sjokkerande av alt, er at det no skjer ei tydeleg koordinert total mørklegging av orda «attentat» eller «drapsforsøk» i regime-media som omfattar den fjerde statsmakta og alle dei tilhøyrande djupstatsorgana opp og ned i hierarkiet.
Kupp frå DC Draino:
Kupp: Hemmelege instruksjonar gitt til nyheitsreporterar om å tone ned drapsforsøket på Trump. Desse folka er vonde.


Først, sjå litt på MSM si skammelege kvitvasking og medvitne nedtoning av hendinga. Dei gjer alt dei kan for å framstille det som ikkje eit forsøk på drap:












Dette burde få ein til å miste både munn og mæle – eg har aldri før sett ein så ope djevelsk psyop og massemanipulasjonsoperasjon. Vi var nett vitne til mordforsøket på ein amerikansk president, og media handterer det som ei uvesentleg ikkje-hending.
Seinare slutta Barrack Obama seg til den koordinerte mørklegginga, og spelte dum som om han hadde fått ordre om det:


Og det endelege provet på operasjonen kom då Biden gav ein ikkje planlagt tale til nasjonen, ein halvtime etter klokka 20, som han nyleg har annonsert er klokkeslettet han går til sengs på, og i dårleg forfatning etter framtoninga å dømme:
Sjå på den koordinerte mørklegginga, medan Biden ope nektar å kalle det eit attentat, sjølv når han blir spurt direkte om det.
Saka er: vi veit nøyaktig korfor dei gjorde det.
Det er fordi at dersom dagens hending hadde blitt offisielt stempla som «drapsforsøk», så ville det fullstendig og ugjenkalleleg de-legitimere det falske vendepunktet «J6» (6. januar-storminga av Kongressen i USA), som er ei av dei siste pilene dei har att i koggeret mot Trump. Dei har brukt fire år på å prøve å få oss til å tru at J6 var eit direkte attentatforsøk på «Trump sine opponentar», skjøner du. Pelosi sa det nettopp, for nokre dagar sidan – TO GONGAR – som ei anna openlys dogwhistle til den radikale grasrota si.
Berre sjå sjølv:
Tenk kor raskt det bedragerske J6-narrativ-korthuset ville rase viss dagens hendingar skulle fått lov til å bli karakterisert som eit faktisk drapsforsøk/attentat – det kan ikkje samanliknast med det smertestillande J6-eventyret der ein flokk gamle damer spelte rollespel i Capitol-foajéen.
No lyt vi halde eit auge med korleis regime-media ter seg framover – særleg dei mellomstore smakssettar- og portvaktareikene, som til dømes Rachel Maddows og hurpene i The View. Dei vil desperat prøve å halde Trump så langt unna martyrdom som mogleg – det betyr formørking, formørking, formørking. Dei vil truleg halde fram via den gamle CIA-dreieboka med å forvikle ting, med å poenglaust sette hyperfokus på dei prosedyremessige bagatellane i etterforskinga av kva slags type angrep det var. Dei vil truleg dra det ut over fleire veker, månadar , eller kor lenge det no måtte ta utan å definitivt tilskrive det det forbodne «A»-ordet, og falle tilbake på den falske høge hesten av «journalistisk tilbørleg aktsemd» og ikkje-eksisterande «grundigheit og integritet». [Merknad: Det tok berre nokre timar før ordet assasination (attentat, drapsforsøk) dukka opp på CNN.]
Men vi veit utmerkt godt at viss dette hadde skjedd med ein Demokratisk kandidat, så ville alle regimemedia reise seg og unisont rope opp om total nedstenging av landet og fysisk utreinsking av alle høgrevridde og «ideologiske opponentar».
Alarmerande nok har kommunikasjonssjefen til Secret Service, Anthony Guglielmi, allereie lagt ut sitt offisielle standpunkt om hendinga, som på liknande måte unngår sterkt deteministisk språkbruk:


Med tanke på Trump sine forgjeves forsøk på å styrke sikkerheita, og augevitnet som såg skyttaren og hevdar han vart ignorert av Secret Service-agentane, så ser pressemeldinga over svært problematisk ut.
Ein president vart bokstaveleg talt skoten i ansiktet [sic, han vart råka i øyret, mrk.], og kula som passerte nær hovudet hans vart fanga på kamera. Herregud! Kva meir lyt skje for at det unisont skal bli vurdert som eit drapsforsøk? Dette slår alle rekordar for massemanipulering, inkludert operasjonen som stal 2020-valet, med sin bisarre og høgst uregelrette stans i stemmetellinga, og korleis Biden-stemmene brått rasa inn klokka 4 på natta («the sudden spike»).


Vi er i uklart farvatn.
Og dessutan skyt denne globale GLADIO-liknande operasjonen fart. Alle opponentar av den globale «Hydra»-djupstaten blir eliminerte, eller det blir gjort forsøk på det. Den folkelege og anti-imperialistiske slovakiske statsministeren, Robert Fico, vart for berre to månadar sidan skoten. Og nett i dag annonserte Ukrainas Budanov at det har blitt utført operasjonar for å eliminere Putin, men at dei så langt ikkje har lykkast:






Det er tydeleg at ting står på kanten av stupet for den globalistiske djupstaten når dei ikkje ser andre måtar å trø vatnet på enn å reint ut eliminere alle oppkomande resistansleiarar; dei står verkeleg med ryggen mot veggen. Vi entrar ei tid med store problem, men også store voner, for det at dei er så desperate, viser at det endelege slaget nærmar seg og at eit stort vendepunkt eller omstilling nesten er komen.






Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: KI-generert