Derimot: Hvem bestemmer egentlig? Makta bak makta. – Derimot
derimot.no:
Makta som står bak trona og krigane som aldri tek slutt
Førre veke gav den tidlegare statsministeren i Storbritannia Liz Truss oss eit praktdøme på ei avsløring som Alex Krainer meiner er historisk. Truss var med i ein episode av Steve Bannon sitt program War Room. Som Krainer skriv (mi omsetjing):
[Liz Truss sa:] «‘Det eg fann ut då eg kom blant topp ti, eg trudde at dersom eg kom til topp tre, ville eg kunne innføre den konservative politikken… Og det som eg oppdaga var at det var ikkje eg som sat i førarsetet. Setet var halde av Bank of England, av Kontor for budsjettansvar [Office of Budget Responsibility], det var ikkje halde av verken statsministeren eller kanslaren.’
Innlegget er hentet fra Saksyndig.
Truss går deretter over til å peike på det openberre problemet med dette: du kan sparke statsministeren, men du kan ikkje sparke dei banktilsette som sit i førarsetet. På rundt same tid som denne avsløringa kom, sleppte Glenn Beck eit liknande spor. I sitt intervju med Tucker Carlson publisert 21.februar 2024 delte han ei historie om møtet sitt med George W. Bush:
‘Eg kom på noko George Bush sa til meg på Det ovale kontoret. Eg spurde om politikken og korleis dei hadde tenkt å endre den, og han sa: ‘Glenn, uroe deg ikkje, kven enn som sit bak dette skrivebordet, i den stolen, kjem til å få det same råda frå dei same rådgjevarane, og dei kjem til å innsjå at hendene til presidenten er bundne.’ Eg gjekk forskrekka ut frå det rommet… Kvifor har vi eigentleg val?’
Det G.W. Bush hadde avslørt til Beck og det som Liz Truss oppdaga då ho kom på topp tre, har vore det definerande trekket bak ‘demokratia’ våre i særs lang tid. Den tidlegare britiske statsministeren Benjamin Disraeli sa i 1844 at ‘Verda er styrt av svært annleis personar enn det som dei som ikkje står bak scena kan førestille seg.’ Sir William Pitt, statsminister i 1770, sa ‘Der er noko bak trona som er større enn sjølvaste Kongen.’
Makta ‘bak trona’ er bankierane
Når ein følgjer årsaksfaktorane bak dei mange krisene vi står overfor i dag, fører sporet av brødsmular alltid til det internasjonale bankkartellet som ser ut til å ha den avgjerande påverknadskrafta når det gjeld å forme styresystemet som samfunna våre opererer under. Dette nettverket utgjer sannsynlegvis den særs ‘monolittiske og nådelause konspirasjonen’ som president John F. Kennedy åtvara oss om.
Som ein berømt medlem av det kartellet hevda: ‘Lat meg utstade og kontrollere pengane i ein nasjon, og eg brur meg ikkje om kven som lagar lovene der!’ På mottakssida av pengemakta forstår Napoleon Bonaparte det forholdet so altfor godt: ‘Når ein stat er avhengig av bankierar for å få pengar, kontrollerer dei og ikkje statsleiarane situasjonen.’ Det kan sjå ut som dette er stoda i dag.
I si 1965-bok Tragedy and Hope åtvara Carroll Quigley oss at ‘Maktene til finanskapitalismen har [eit] langtrekkjande mål, ingenting mindre enn å skape eit verdssystem av finansiell kontroll i private hender, som er i stand til å dominere det politiske systemet i kvart land og økonomien i verda som eit heile… Veksten til finanskapitalisme gjorde det mogleg å sentralisere ein verdsøkonomikontroll og bruken av denne makta til direkte fordel for finansierarar og direkte skade på alle andre økonomiske grupper.’ Det verdssystemet av finanskontroll er det som i dag blir fremja som den ‘regelbaserte globale ordenen’.
Bankierar og krigar som aldri tek slutt
Spesielt ser bankinteressene ut til å vere nøkkelaktørane bak den evige krigføringa vi er vitne til i dag. Dess betre vi forstår måten systemet fungerer på, dess meir sant kling seiemåten ‘alle krigar er bankier-krigar’. Ron Paul sa at det ikkje var tilfeldig at hundreåret til sentralbankverksemd fall saman med hundreåret til total krig.
I dag veit vi til dømes at Adolf Hitler og hans nasjonalsosialistar vart dyrka og sjenerøst finansierte av framtredande Wall Street-bankierar (inkludert bestefaren til George W. Bush, Prescott Bush), og at dei multinasjonale konserna som dei kontrollerte kom med teknologien og bistanden til Tyskland si våpen-gjenoppbygging. Skuggeoperatøren som styrte gangen i hendingane var Montagu Norman i Bank of England, som var bestevennen til sitt tyske motstykke Hjalmar Schacht. Eit fåtal av desse detaljane fekk plass i historiebøkene våre, men heile poenget med å militarisere og nazifisere Tyskland var å invadere og undertrykkje Russland. I 1935 sikra Lord Lothian ein besøkjande delegasjon av ministrar frå Tyskland at ‘dei skal skjere seg gjennom Russland som om det var smør’.
I den nylegaste fortida var det Ukraina som vart militarisert og nazifisert for å slå til mot Russland, og dei same maktene sat bak trona og trekte i trådane. Som den USA-installerte statsministeren i Ukraina, Arseniy Yatsenyuk uttrykte takksamt i 2014: ‘…internasjonale bankierar står klare til å hjelpe oss… Vi ville ikkje ha overlevd utan den internasjonale bistanden.’
Etter å ha knust Ukraina, kjem dei til å bruke europeiske nasjonar i neste omgang
Desse oppdagingane burde vere djupt urovekkjande. I det den ukrainske nedslaktinga braut ut mot Russland, har vi alle grunnar for å forvente at dei kjem til å gå over til å forvandle andre europeiske nasjonar til å tene same føremålet. Den prosessen er no undervegs, sidan vi kan høyre det veksande koret av europeiske leiarar snakke om militarisering, verneplikt og utsikta til krig mot Russland. Vi burde ikkje godta desse galne fabuleringane. Det store fleirtalet av det ukrainske folket var i favør av fred og normalisering av relasjonar med Russland. Likevel bestemte maktene bak trona det motsette, og var i stand til å ofre ein halv million unge ukrainske menn og øydeleggje liva til millionar.
Med mindre vi aksepterer at barna våre i nær framtid òg skal bli ofra i bankierane si jakt på russisk pant [engelsk collateral], må vi rette søkjelyset mot dei bak trona som trekkjer i trådane og pressar oss ut i krig. Det er vår plikt i dag å setje oss til motverje mot dei med all vår makt, kreativitet og vilje. Alt mindre enn det risikerer å gjere fleire europeiske nasjonar om til det Ukraina er i dag. Og nei, det har aldri handla om demokrati, ei heller om fridom. Det handlar berre om bankverksemd og panten.
Det handlar om pant, ikkje om ‘demokrati’
Alle pengar i omløp representerer gjeld. Gjeld representerer aktiva på balansearka til bankierane. For å skape meir gjeld må dei kontrollere panten: den aukar direkte rikdommen og makta deira over oss. For alle oss andre er det det same: om vi betaler pengar til Gazprom for gassen vår eller til Royal Dutch Shell, må vi likevel betale.
Sjølv for Royal Dutch Shell speler det inga rolle: dei kan rett og slett kjøpte russiske ressursar frå Russland og selje det om igjen heime for profitt. Eigentleg er den einaste gruppa i samfunnet der det har noko å seie kven som kontrollerer panten, bankierane, noko som gjer dei til den einaste hovudgruppa med incentiv til å hisse opp til krigar som aldri tek slutt for å kontrollere ressursane. Dei nøler ikkje å gripe til atomvåpen og ofre den eine nasjonen etter den andre for å oppnå dette.
Lord Acton spådde for lenge sidan: ‘problemet som har feia gjennom hundreåra og som vil måtte kjempast mot før eller seinare, er folket mot bankierane.’ Denne kampen er no komen til oss. Den ‘monolittiske og nådelause konspirasjonen’ fører tydelegvis ein ikkje-erklært krig mot menneskeheita, som kan bli den ultimate kampen mellom frigjeringa og slavebindinga vår.»
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst
Forsidebilde: iStock