Derimot: Slike holdninger finnes og preger mange med makt.Overklassen ser på den øvrige befolkningen som kveg.

derimot.no:

USA sin dysfunksjonelle overklasse

Denne artikkelen skriven av Michael Barone for Epoch Times, men henta frå Zero Hedge, fortel om den amerikanske overklassen si openberre forakt for folk flest. Deira usosiale og arrogante haldningar er prikk like no som dei var på 1800-talet – det er jo dei same styrtrike familiane som styrer no som den gong.

Forholda i USA er bortimot identiske med dei her i Noreg. Vi har ein overklasse som ikkje berre er raknande likesæle til folk flest, men som ser på oss som parasittar som øydelegg planeten og som difor må fjernast frå jordas overflate. Det gjeld andre reglar for dei enn for oss, og dei hevar seg galant over lovverket. Vi skal ikkje få nyte det dei ser på som luksus, til dømes privatbil og ferieturar, som dei meiner berre skal vere reservert for dei sjølve. Dette er ingen konspirasjonsteori, dette har medlemmer av eliten sjølve sagt i ei spørjeundersøking.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Barone skriv (mi omsetjing):

«Dette er implikasjonane av resultata frå to spørjeundersøkingar for elitemenneske utført av Scott Rasmussen i Committee to Unleash Prosperity [«komité for frislepp av velstand»], ein organisasjon som støttar låge skattesatsar og låg statleg bruk av midlar. Spørjeundersøkinga dekte ikkje store delar av befolkninga, men var avgrensa til topp 1%-en av samfunnet.

Éi spørjeundersøking, Eliten, inkluderte berre informantar med post-doktorgrader, inntekter på meir enn 150 000 dollar [i overkant av 1,5 millionar kroner], og dei som budde på ei postadresse med meir enn 10 000 menneske per mile [1,6 kvadratkilometer]. Ei anna, Ivy League-avgangsstudentar, inkluderte vaksne som hadde gått på eit Ivy League-college eller andre selektive private colleges slik som Chicago, Duke, Northwestern eller Stanford.

Du vil sikkert ikkje bli overraska over at det store fleirtalet av denne Eliten kjenner seg velbemidla. Ei heller, dersom du har følgt med på nylege endringar i parti-identifisering, vil du bli særleg overraska over at desse elitane identifiserer seg sjølve som Demokratar og berre 14% som Republikanarar.

Det som er kor drastisk denne amerikanske overklassen vil gå til verks for å frårøve innbyggjarane sine ting som dei har teke for gjeve. Halvparten av desse gruppene, 47% av Elitane og 55% av Ivy League-gjengen, seier at USA gjev folk ‘for mykje individuell fridom’.

Meir enn tre fjerdedelar er i favør av ‘det å kjempe mot klimaendring, streng rasjonering av energi, gass og kjøt’, ei meining som 63% av folket avviser. Igjen, ‘det å kjempe mot klimaendring’, er mellom halvparten og to tredjedelar i favør av å forby gasskomfyrar (eit nyleg mål, trass opposisjon frå Biden-byråkratar og Demokratar frå delstaten New York), bensindrive bilar (i høg disfavør blant Biden-Demokratar og California-herskarar) og SUV-var, ‘privat’ air condition og ‘ikkje-essensielle flyturar’.

Asket-økonomen Thorstein Veblen argumenterte i si bok frå 1899, The Theory of the Leisure Class [«teorien til fritidsklassen»], at rike tok del i ‘påfallande forbruks-’aktivitetar slik som golf, polo og samling av kunst, som vanlege folk verken hadde tid eller pengar til.

Meir enn 125 år seinare har USA altso rikfolk som håper å frårøve vanlege folk ‘påfallande forbruks-’aktivitetar som dei har råd til, og der dei lagar kø på flyplassar, utfartsårer og luksus-kjøpesenter.

I fleire generasjonar har Demokratar lika å portrettere seg sjølve som tribunen for den vesle mannen, forsvararen av politikk som lèt vanlege folk utan spesielle fordelar, eller med mange bakdelar, å leve komfortabelt, trygt og i verdigheit. Ein kan finne ei viss nedlatande haldning i denne posisjonen, men òg eit betydeleg element av respekt.

Denne undersøkinga viser at i dag har denne 1%-en, som inkluderer nær sagt alle valdeog utpeikte Demokratar i Washington og delstatar som California, New York og New Jersey, tendens til å sjå mesteparten av sine medborgarar som sjølvopptekne og destruktive, og som ikkje berre treng disiplin, men som òg fortener strenge restriksjonar på fridommen sin.

Denne attityden finn ein igjen i den større gruppa av Demokrat-veljarar. Ei spørjeundersøking av Pew Research i 2023 viser at medan 31% av Republikanarane, sjølv når partiet deira ikkje sit med makta, trur USA ‘står over alle andre land i verda’, so trur berre 9% av Demokratane det.

Det er ein ustabil og farleg situasjon når ein i hovudsak eitparti-elite står med frykt og avsky og ser på det som Rasmussen skildrar som eit ‘Grand Canyon-gap’ mellom seg sjølve og sine medborgarar. Det liknar litt på ‘lat dei ete kake’-royalistane i Frankrike i 1789 eller den russiske adelen i 1917. Ein overklasse som er so fråkopla og full i forakt risikerer opprør.

Ei betre tilnærming kjem frå det som utan tvil er ein medlem av den amerikanske eliten, JPMorgan Chase adm.dir. Jamie Dimon. I ein samtale med CNBC i Davos førre månad fortalde Dimon om ein busstur til Spokane og Boise og Bozeman: ‘Folket veks. Dei er svoltne etter å vekse. Dei er innovative. Det er overalt. Det er ikkje berre Silicon Valley.’

Dimon, som kallar seg sjølv en sentrist-Demokrat, og som kanskje er klar over at dei i fjella i Midtvesten stemmer på Republikanarar, vedgjekk at tidlegare president Donald Trump ‘ikkje tok feil om somme av dei kritiske temaa’ og hadde ‘nokso rett’ om NATO og immigrasjon og ‘fekk økonomien til å vekse ganske godt’.

Om forakta Demokratane har for Trump-tilhengjarar, hadde han mindre å seie.

‘Demokratane har gjort ein god jobb med samansuriet, som klemmer sine biblar, sitt øl og sine våpen. Eg meiner, seriøst? Kan vi gje oss med dette tullet, bli vaksne og behandle andre menneske med respekt og høyre litt på dei?’

Det er eit spørsmål andre medlemmer av vår dysfunksjonelle overklasse kanskje burde stille seg sjølve.»

Redaksjonen har lagt til bilder

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...