Derimot: Våpenproduksjon tilfører økonomien ingenting av verdier, bare utgifter. Krig er det dummeste som finnes.

derimot.no:

Dette innlegget er reklame for en spesiell organisasjon i USA, men vi publiserer det fordi innlegget påpeker noe helt vesentlig: krig er det mest uproduktive, det mest miljøfiendtlige og dyreste som finnes. De som bygger sin økonomi på våpen og krig vil kollapse før eller siden. Det er derfor vesten nå taper i forhold til BRICS+ fordi denne organisasjonen satser på noe annet, produksjon og handel med varer menneskene trenger.

Knut Lindtner
Redaktør

Røynda er sterkare enn ideologi

— Stopp krigføring, bygg opp den fysiske økonomien

av LaRouche Organization, den 18. desember, 2023

Ideell organisasjon i New Jersey

Prisen, i form av død og forderving, stig for kvar time som går i Gaza. Dei siste offisielle tala fortel om 19 500 døde, titusentals skadde, og over 2 millionar som lid.

Likevel held USA stand i FNs sikkerheitsråd og motset seg våpenkvile, forhandlingar og gjenoppbygging i Palestina/Israel. UAE leverer ein ny resolusjon denne veka, og det blir fortald at USA allereie kverulerer og opponerer mot den.

Likeeins bestemmer USA, Storbritannia og NATO at det ikkje kan føregå forhandlingar og våpenkvile for Ukraina, der befolkninga allereie er halvert.

Bak det avskyelege påskotet til den globale NATO-blokka – å forsvare Vestlege «verdiar», i desse og andre saker – er det to ting som stikk seg ut: For det første det at det militær-finansielle-industrielle komplekset til Wall Street/London blir støtta på bekostning av alle. Og for det andre at den transatlantiske NATO-sona sine sosiale og økonomiske tilhøve raskt er i ferd med å gå i oppløysing.

Eit dramatisk døme på protest mot dette, er massen av bønder som aksjonerte ved Brandenburger Tor i Berlin i dag. Bondeprotestar skjer mange plassar i Bayern og andre delstatar. Bøndene krev rimelege prisar på drivstoff til maskineriet sitt og andre tiltak som gjer at dei kan halde fram med matproduksjonen. Men den tyske regjeringa sin politikk, som følger leiaren etter USA, støttar krigføring og øydelegging av den tyske, fysiske økonomien, til og med mat.

Grunnleggar av Schiller Institute og leiar, Helga Zepp- LaRouche, har saman med andre sett på situasjonen i dag, og summert opp det strategiske bildet med desse orda::

Eg trur ikkje det er så vanskeleg om du ser på den strategiske situasjonen frå toppen. Korfor er vi i den krisa vi er i? Fordi – som Sergej Glazyjev sa så presist i sitt brev til Lyn sin 100-årsdag – dei landa som følger Lyndon LaRouche, gjer det godt; og dei som ikkje gjer det, gjer det ikkje. Eg trur det verkeleg er så enkelt, for om du ser på korleis det kan ha seg at Asia – framfor alt Kina, men også andre asiatiske land og no også BRICS, BRICS+, SCO og andre slike organisasjonar – har ein tendens til å gjere det mykje betre når det gjeld vekstratar, så er det fordi dei brukar innovasjon. Dei brukar kanskje ikkje same omgrep som Lyn i sine diskusjonar om fysisk økonomi, men heile den kinesiske økonomien er basert på innovasjon, innovasjon, innovasjon. Dette er grunnen til at dei ikkje har «boom and bust»-syklusar [refererer til ein gjentakande syklus i økonomien der periodar med rask vekst og økonomisk framgang (boom) blir etterfølgd av periodar med nedgang og tilbakegang (bust). Mrk.], fordi dei kontinuerleg har tatt vare på gjennombrota i nye oppdagingar og aktivt brukt dei i økonomien. Det er derfor dei har hatt ei stødig stigande kurve samtidig som Vesten kollapsa.

Store deler av USAs økonomi går til våpenproduksjon (krigsindustrien som er avhengig av krig), ikke til å tilfredsille menneskelige behov

Korfor kollapsar Vesten? Fordi dei sløser bort all produktiv kapasitet på det dei i gamle Sovjetunionen brukte kalle «primitiv akkumulasjon». Vesten gjer det same. Meiner du at USA sitt militærbudsjett på nesten tusen milliardar dollar ikkje er eit sløseri og primitiv akkumulasjon i motsetning til dei faktiske fysiske verdiane i økonomien? Har det gjort noko godt for USA å ha bygd nesten tusen militærbasar rundt om i verda, når alt dei tilbyr desse landa er å bli treningsleirar for krigar? Det er derfor desse landa har vendt USA og Vesten ryggen, til fordel for Den nye Silkevegen (Belt and Road Initiative) som tilbyr utvikling.

Det er verkeleg ikkje så komplisert i det heile tatt, og all denne militære oppbygginga, alle desse intervensjonistiske krigane for å halde oppe «den amerikanske levemåten», har – som Bush senior uttrykte det, om Irak-krigen – ikkje gjort nokon noko godt. Så det er ei mislykka tilnærming. Ein kan ikkje bygge ein økonomi ved å bygge militære fort til å verne om privilegia sine medan resten av verda ikkje lenger går med på det fordi dei har eit alternativ.

Så, eg trurdet er svær viktig at vi seier: høyr her, heile dette miltær-industrielle, finansielle komplekset følger feil modell. Dei burde stoppe det og bli einige om å gjere det om til plogjern før dei ruinerer oss alle. Eg trur denne intervensjonen – det er svært tydeleg at dette ikkje fungerer, og ideologi krasjar med realitetens mur.

Når subsidiene til elektriske biler forsvinner, da blir også nesten alle disse bilene borte.

Sjå til dømes på det som skjedde i Tyskland nett no, der den konstitusjonelle domstolen tok ei avgjerd den skulle ha tatt for lenge sidan, om at dette bedraget må stoppe. Kva skjedde med den store transformasjonen av økonomien, den Grøne avtalen? Den floppar fordi pengekista er tom. Dei måtte stoppe el-bil-subsidiane frå den eine dagen til den neste. Så alle desse folka som kjøpte seg el-bil med tanke på at dei skulle få ein subsidie på mange tusen euro, … [finansminister] Lindner sa berre: ‘Sorry, kista er tom.’ Det kjem til å skje med mange ting.

Så eg trur at tanken om at røynda er sterkare enn ideologi –kalle det naturlovene, Himmelens mandat eller kva du vil – er sann. Det finst ei høgare lovmessigheit som ein ikkje kan bøye evig utan at universets lover bøyer tilbake. Dei svingar tilbake til der tinga høyrer heime, og eg trur det er ein veldig tydeleg demonstrasjon av dette prinsippet.

Vegen ut er openbert at vi må gå tilbake til idéen om fysisk økonomi, det amerikanske systemet, Alexander Hamilton, Friedrich List, Henry Carey, grevWitte, alle desse folka som visste korleis ein skal bygge ein økonomi. Det har vist seg at dei hadde rett, og Lyndon LaRouche har tatt den filosofien og teorien om fysisk økonomi eit langt steg vidare. Alt kokar ned til dette. Viss du vil overleve, gå tilbake til LaRouche; viss du vil gå under, gå vegen med militær pengebruk til du er død.

LaRouche Organization, des.-23

Forsidebilde: Ian Taylor

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...