Derimot: Varsler: Djevelen bor i Geneve.
derimot.no:
Varslar krev at WEF-grunnleggar Klaus Schwab skal arresterast for brotsverk mot menneskeslekta
av Ethan Huff
Posta på kolozeg.org den 2. desember, 2023
Dagane kan vere talde for Verdsøkonomisk forums med-grunnleggar Klaus Schwab.
Pascal Najadi, sonen til ein annan av med-grunnleggarane til Verdsøkonomisk forum (WEF), Hussain Najadi, talar no ut som varslar mot leiaren av globalistiske stiftinga, med skuldingar mot han og andre leiarar om «brotsverk mot menneskeslekta».
Najadi seier brotsdverka til Schwab og kompisane hans er så store at ein straks lyt arrestere både Schwab og andre WEF-sjefar, til dømes Bill Gates, så vel som leiarane av Verdshelseorganisasjonen (WHO), farmasigigantane (« Big Pharma») og teknologigigantane («Big Tech»).
Faren til Najadi starta WEF i partnarskap med Schwab i 1971. Han trekte seg ut eit tiår seinare, fordi han forakta Schwab sin dystopiske visjon for framtida til den delen av menneskeslekta som ikkje høyrer til eliten.
Najadi er også opprørt over at han og mora vart narra til å bli «vaksinerte» mot Wuhan-koronaviruset (COVID-19), ein falsk «pandemi» som vart aggressivt pusha av WEF og andre.
Najadi seier at både han og mora no døyr av injeksjonane, som ifølge han er «gift» som vart pressa på verda av slike som Schwab.
«Djevelen bur i Genève», seier Najadi
Najadi og eit team advokatar pressar no på for at Schwab skal stillast til ansvar for at han sleppte laus helvete over verda. Saka hans drar også merksemd til andre globalistiske organ, t.d. Dei foreinte nasjonar (FN) som samarbeidde i den vonde planen.
No nyt leiarar av WEF, FN og WHO diplomatisk immunitet, dvs. dei kan ikkje bli tiltalte og stilte for retten – men Najadi vil at den diplomatiske immuniteten skal opphevast og etterfølgast av arrestordrar.
Najadi er forresten same fyren som saksøkte Sveits’ lengesittande statsminister, Alain Berset, for å ha loge til folk om COVID-injeksjonane. Det søksmålet førte til sist til at Berset trekte seg frå stillinga si no i juni.
No, med den suksessen i ryggen, tar Najadi steget vidare og går for dei større fiskane i FN, Gavi, WEF og WHO.
Ifølge Najadi ligg vondskapens kjerne i Genève, Sveits, som han seier er «ground zero» for globalistisk kontroll over verda. «Djevelen bur i Genève,» er eit velkjend sitat frå Najadi.
«Alt det vonde i verda som har med folkemord å gjere, kjem diverre frå Genève,” er eit anna Najadi-sitat.
«Ein har WHO i Genève, ein har Gavi [vaksinealliansen til Bill Gates], og ein har WEF – som far min var med og grunnla og deretter forlet Klaus Schwab i avsky tidleg på åtti-talet – som har diplomatisk immunitet.»
Som sveitsisk statsborgar har Najadi erklært at WEF ikkje lenger har rett til diplomatisk immunitet. Styresmaktene i Sveits må straks arrestere ringleiarane der for å fremje det han kallar ein «global menneske-injeksjon med eit biovåpen,» refererande til COVID-sprøytene.
Najadi og hans eiga mor er offer for dette biovåpenet, hevdar han, og no ligg ansvaret på sveitsiske styresmakter for å gjere noko med det ved å stille for retten kvar einaste person som var involvert i å bruke desse biovåpena på verda.
«Eg ber sveitsiske styresmakter og sikkerheitsorgan arrestere dei folka straks,» erklærte Najadi. «Korfor? WEF, WHO, Gavi, Big Pharma, Big Tech og Bill Gates snakka alle varmt om å injisere alle folk i verda med biovåpen; injisere nanolipid inn i 5,7 milliardar menneske. Og vi sveitsarar er vertskap for dei. Det er skrekkeleg.»
«Vi kan ikkje tolerere noko organ som promoterer at det blir sprøyta gift inn i menneskeslekta. Men de har gjort det. Eg er offeret. Eg døyr av det, og det gjer mor mi og. Det er eit folkemord og vil bli dømd. Det vil bli retta opp, i namnet til menneskeslekta.»
Ethan Huff
P ascal Najadi er fødd i Sveits (i 1967). Faren hans var ein finansmann frå Bahrain, og mora hans etterkomar av den sveitsiske presidenten Rudolf Minger. Sjølv er han utdanna økonom, og han har vore styremedlem i Dresdner bank, men har no trekt seg frå forretningslivet og blitt filmskapar, forfattar og fredsaktivist.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Skjermdump fra Lexica