Derimot: Har de skjønt på Island uten å si det høyt? Covid-vaksiner får du ikke lenger på sagaøya.

derimot.no:

Island sluttar med covid-injeksjonar

Vulkanøya i Nord-Atlanteren har erklært at frå neste veke av kjem covid-injeksjonar ikkje lenger til å vere tilgjengelege. Dette rapporterer The Exposé. Grunnen skal visstnok vere ein konferanse i Reykjavik i byrjinga av oktober, Let the Science Speak, der blant andre Sasha Latypova heldt føredrag. Temaet var alle skadane covid-injeksjonane hadde forårsaka, og forsøket til Verdas helseorganisasjon (WHO) på å grafse til seg makta over internasjonal helsepolitikk. Konferansen kan sjåast her.

Innlegget er hentet fra saksyndig

Når Latypova skreiv om hendinga eit par veker seinare, skreiv ho (mi omsetjing):

Sasha Latypova

«Der var 200+ menneske i eit fullpakka konferanserom [på Island], og 300+ fleire på direktestrøyming… Dette var imponerande oppmøte for å vere ei direktesending på Island om eit emne som er tungt sensurert… Sjølv statlege media dykka kort opp (truleg for å filme alle som var til stade for framtidig overvaking). Same kva. Alle kjenner alle i eit knøttlite land, og vi vart fortalde at topp-tenestepersonar no er ekstremt nervøse […].»

Ho la til: «Det kan verke som om organisatorane, som eit direkte resultat av dette offentlege arrangementet, no har lagt planar om eit oppfølgingsmøte med det islandske helseministeriet […].»

20. november vart Latypova informert av dei som organiserte konferansen at ei melding dukka opp i den islandske dagsavisa Morgunblaðið 17.november. Artikkelen avsluttar med:

«Neste veke vil folket kunne få ein influensavaksinasjon på helsesenteret, men ingen covid-vaksinasjon for augneblinken.»

Linken fører til ei side der det på islandsk står at ein må vere innlogga for å lese artikkelen. Latypova har derimot publisert ei omsetjing av artikkelen, som The Exposé har publisert. Omsetjinga inneheld òg Latypova sine eigne kommentarar til artikkelen. Her er mi omsetjing av Latypova si omsetjing av den islandske artikkelen i «Morgonbladet»:

«Der har nyleg vore ein stor auke i luftvegsinfeksjonar, ifølgje Ragnheiður Óskar Erlendsdóttir [ei dame; alle islandske damer har etternamn som sluttar på -dóttir; oms.komm.], direktør for pleie ved Helsetenesta for hovudstadsregionen [den offentlege helsetenesta på Island; oms.an.].

‘Vi har merka oss eit betydeleg frammøte for rådgjeving,’ [folk som dukkar opp sjuke; Latypova sin kommentar] seier ho. Det er tydeleg at covid-19 er temmeleg utbreitt i samfunnet saman med andre pestilensar.

‘No er covid akkurat som ein kva som helst slags annan influensa, men som med andre influensatypar vil vi gjere be folk om å ta ein pause medan symptom er alvorlege, og praktisere unngåing av infeksjon.’ [I det tidlegare avsnittet er det ein pestilens, her er det berre ein influensa, og vi vil at de berre skal halde dykk heime slik at vi ikkje blir konfrontert med resultata av den masseforgiftinga vi forårsaka med ‘trygge og effektive’ eliksirar; Latypova].

Sidan 18.oktober har vaksinar mot covid og influensa vore tilgjengelege for dei som er 60 og eldre og folk med underliggjande sjukdommar, men Ragnheiður seier at frammøtet har vore moderat.

Neste veke vil folket kunne få influensavaksine på helsesenteret, men ikkje covid-vaksinasjon for augneblinken. [Latypova si utheving].»

Ifølgje Latypova har ein lokal journalist fortalt ho at ingen kan forklare kvifor covid-injeksjonar ikkje blir tilbodne. Latypova legg òg til at «dersom du verkeleg insisterer, kan du få sprøyta i eitt apotek i heile landet», «men du må ta med deg fire venner sidan dei ikkje ønskjer å sløse vekk fem injeksjonar per hetteglas».

Latypova skriv vidare:

«Eg erklærer at vi vann på Island, fram til noko anna blir prova.

Sigeren kjem etter den massive skaden som har blitt påført ved å forgifte 80% av befolkninga […].

Denne grafen illustrerer perfekt at der aldri var ein pandemi på Island, og all overtalsdødelegheit fann stad etter injiserbar gift vart sendt dit og delt ut.

Monsteret kjem ikkje til å innrømme at dei tapte. Dei vil feie det under teppet, kome med bittesmå obskure meldingar som dei håper ingen vil leggje merke til, slik dei gjer det på Island og andre stader – til dømes i Australia.

Dei vil låst som modige folkehelseagentar kjempa mot pestilensen og slakta ræva av den, men det var det beste desse fjompenissane kunne gjere. Dei vil agere ein ‘lytteseanse’ om korleis ein hindrar framtidige pandemiar – som alltid har blitt fabrikkert, sjå HER og HER.

Under absolutt ingen omstende kjem dei til å innrømme at dei noverande lovene i USA og EU tillèt fullstendig lovleg massemord på menneske av staten, so lenge dei kallar den biokjemiske gifta som blir tvinga på alle for ‘naudgodkjent mottiltak under Folkehelsekrise’.

Det er difor dei vil at de skal tru på pandemiar, eller i det minste utbrot, og spesielt eventyret om at skapte virus utgjer ein reell fare for millionar, om ikkje milliardar, og at dei kan lagast av studentar i garasjar med ingrediensar kjøpt via Amazon.

Men de får ikkje lov til å påpeike overfor US Centers for Disease Control and Prevention («CDC) sitt Virus Research Center («VRC») det faktum at dei laga ei biologisk gift og kalla det ein «vaksine», fordi CDC-VRS-vitskapsfolk er både gode og dumme – dei kan ikkje førestille seg korleis dette er mogleg… Eg gjer det igjen, no må eg slutte med dette hatet og overdrivinga.»

Den vesle, vêrharde sagaøya mellom Noreg og Grønland ser ut til å ha teke til vitet når det gjeld covid-injeksjonane. Fleire land vil nok følgje etter – til dømes Noreg, som fleirtalet av islendingar i si tid utvandra frå.

Forsidebilde: Robert Lukeman

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...