Derimot: Følte seg tvunget til å angripe hus med israelske gisler.Mange israelere ble drept av sine egne.

derimot.no:

Mange israelarar døydde under «friendly fire» den 7. oktober 

av Chris Hedges

Det kjem stadig fleire bevis for at det israelske militæret, under den kaotiske kampen som fann stad då Hamas-milits gjekk inn i Israel den 7. oktober, bestemte seg for å angripe ikkje berre Hamas-soldatane, men også dei israelske fangane saman med dei.

Tuval Escapa, medlem av sikkerheitsteamet for Kibbutz Be’eri, fortalde til israelsk presse at han oppretta ei hot-line for å koordinere mellom dei som budde i kibbutz’en og det israelske forsvaret.

Escapa fortalde den israelske avisa Haaretz at då desperasjonen byrja spre seg, «tok feltkommandantane vanskelege avgjerder – inkludert å opne eld mot husa i kibbutz’en for å eliminere terroristane saman med gislane.»

Avisa rapporterte at israelske kommandantar «vart tvunga til å be om eit luftangrep» mot sin eigen fasilitet inne i Erez-overgangen til Gaza «for å drive ut terroristane» som hadde tatt kontrollen over grenseposten. Denne basen husa israelske soldatar og tenestemenn frå den sivile administrasjonen.

Israel innførte i 1986 ein militærpolitikk kalla Hannibal-direktivet, angiveleg oppkalla etter den karthagiske generalen som heller tok gift enn å bli tatt til fange av romarane, etter at to israelske soldatar vart tatt til fange av Hezbollah. Direktivet er utforma for å hindre at israelske troppar fell i fiendens hender; metoden er å bruke maksimal makt, sjølv om det omfattar å også drepe både dei fanga soldatane og sivile.

Hannibals død, av Silvestre David Mirys, 1799. 

Direktivet vart sett i verk under det israelske angrepet på Gaza i 2014, kjent som Operasjon Protective Edge. Hamas-soldatar fanga den 1. august 2014 ein israelsk offiser, løytnant Hadar Goldin. Som svar sleppte Israel over 2000 bomber, missil og granatar over området der han var halden fanga. Goldin vart drept sammen med over 100 palestinske sivile. Direktivet skal ha blitt oppheva i 2016.

Jeg har med meg Max Blumenthal for å diskutere rapportane om at Israel skaut på sine eigne borgarar med tanks og missil, noko han har etterforska for The Grayzone: 

https://chrishedges.substack.com/p/the-chris-hedges-report-with-reporter#details

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...