Derimot: Har den relevans for det som i dag skjer på Gaza.Historien om beleiringen av Milos i det gamle Hellas.
derimot.no:
«Slakt alle»-politikken
av John Helmer, Moskva
@bears_with
Religiøse fundamentalistar trur at fordi Gud er på deira side – eller til og med at Gud har vald dei ut til å vere hans folk — så kan dei overlate til Han å halde auge med historia, hugse lærdommar frå fortida, telle åra, telle opp vinstar, kostnadar og tap. Så lenge Gud ikkje sender ut nokre alarmar eller insolvensvarsel under bønene deira, kan dei utvalde konsentrere sine sinn og ressursar om å førebu seg på framtida. Når drapet på ein million eller to palestinarar er framtida som israelarane og amerikanarane no konsentrerer seg om, er det tydeleg at dei og deira Gud ikkje har lese på nytt Mílos-dialogen, om Han i det heile tatt har gjort det.
Det er avsnitt 84 til 116 i bok fem av Thukydides’ Historia om den peloponnesiske krigen, som han skreiv gjennom tjue år med krigen, frå 431 til 411 f.Kr., og avslutta før Athen med sin hær vart overvunnen og tapte alt dei trudde dei hadde vunne.
Det var i år 416 at den atenske arméen kringsette Milos for å svelte dei ut. Då Milos overgav seg, myrda athenarane alle mennene og gjorde alle kvinner og barn til slavar. Deretter varte det athenske Milos-imperiet berre i elleve år før athenarane vart jaga bort frå øya av ein styrke frå Sparta, som hellenarane hadde blitt for svake til å stå imot. Øyas tyske imperium myrda ikkje like mange; dei vart drivne bort etter berre to år, frå 1943 til 1945.
Det Thukydides reproduserte i boka si, var argumentet for folkemord viss ein trur ein er sterk nok til å kome unna med det.
Hovudpoenget — som i dag er dei mest hugsa linjene frå boka — er den athenske erklæringa: “Når praktiske folk diskuterer desse sakene, er rettferdsstandarden avhengig av jambyrdig tiltvingingsmakt og at dei sterke gjer det dei har makt til å gjere og dei svake godtar det dei må godta.”
Det er dette USAs president Joseph Biden og Israels statsminister Benjamin Netanyahu insistierer på. Det er det Biden ønsker demonstrere med flåtane sine i det austre Middelhavet, det nordlege Raudehavet og Den persiske golfen.
Dette er nedslakting av alle i Gaza fordi USA og Israel har makta til det, på noverande tidspunkt.
Praktiske folk er uttrykket Thukydides la i munnen på den athenske sida av dialogen.
I desse dagar betyr det at politikarar stiller til val. Dei er Vladimir Putin i mars 2024; Olaf Scholz i juni 2024; Biden i november 2024; Rishi Sunak i januar 2025; det franske valet i 2027, men Emmanuel Macron kan ikkje stille til ein tredje periode. Netanyahu sin periode tar truleg slutt så snart krigen mot palestinarane i Gaza tar slutt. Viss dei alle er døde, kan Netanyahu kanskje vinne.
Den einaste visse vinnaren på denne lista over praktiske folk, er Putin; han har no blitt einig med den russiske armé om å konsentrere styrkane mot USA på den den ukrainske slagmarka. Avtalevilkåra kan finnas i, og også mellom linjene i, talen til Putin den 30. oktober. Les mellom linjene her.
I Thukydides’ rekonstruksjon og dramatisering av forhandlingane mellom den angripande og den forsvarande sida, erkjente Milos-folket at det var meiningslaust å appellere til vanlege oppfatningar av rettferd, moral og fair play, for athenarane gjorde det klart at dei ikkje delte desse oppfatningane. Og endå verre: athenarane sa dei var overtydde om at berre det å demonstrere si overlegne makt mot dei svakare Milos-folka kunne avskrekke andre, inkludert deira eigne kritiske og hardnakka innbyggarar heime. “Det er ikkje så mykje fiendskapen dykkar som skadar oss,” sa athenarane. “Det er heller det at dersom vi hadde hatt eit venskapeleg forhold til dykk, så ville undersåttane våre ta det som eit teikn på veikskap, medan hatet dykkar er eit teikn på makta vår.”
Så Milos-folket prøvde i staden å argumentere for at det var felles og delte politiske og økonomiske interesser som burde spare dei for athenarane sine likvideringsplanar. “Dersom dykkar og våre skulle samsvare, må vi prøve å overbevise dykk om det. Er det ikkje slik at de vil gjere fiendar av alle statar som no er nøytrale, når dei ser kva som skjer her og naturlegvis konkluderer med at de med tida vil angripe dei og?”
Gløym det – det er berre notida for dykk, la framtida vere vår, svara athenarane. “Dette er ikkje ein rettferdig kamp, med ære på den eine sida og skam på den andre. Det er eit spørsmål om å redde liva dykkar og ikkje kjempe imot dei som er altfor sterke for dykk.”
Utdeling av død er makta – for dei som er offer, og endå meir for dei som er vitne. Kvar von om eit anna utkome, som Milos-folket hadde uttrykt, “er naturlegvis ei dyr vare”, sa athenarane, “og dei som satsar alt på ein gong, vil ikkje finne ut kva det betyr før dei allereie ligg i ruinar.”
Milos-folket prøvde seg med Det utvalde folket. Det var ikkje fordi dei var semittar, sjølv om Gud hadde sigla vestover frå gamle Palestina og landa på øya. Fønikarane, eit semittisk – men ikkje jødisk – folk, hadde etablert handelspostar på Milos og gifta seg inn med dei kaukasoide frå Sparta, på det hellenske fastlandet. Athenarane avviste teologien – Gud, som historia og krigføring, vel vinnarar, ikkje taparar. “Når det gjeld gudanes gunst, trur vi at vi har vel så mykje rett som de har,” vart Milos-folket fortalde. “Det vi meiner om gudane og det vi veit om menneske, fører oss til den konklusjonen at det er ei allmenn og nødvendig naturlov å herske over det ein kan herske over.”
Milos-folket prøvde då å argumentere for at viss dei berre kjempa lenge nok, ville til slutt deira etnisk allierte, spartanarane, kome og redde dei, bryte krinsettinga til athenarane, slå athenarane. “Når det gjeld fare,” kom det athenske svaret, “er spartanarane som regel ikkje særleg dristige.”
Athenarane var trygge på at styrkekalkulasjonar ville halde spartanarane unna – Milos var for liten og omringa, så ein spartansk redningsaksjon var utelukka, tenkte dei. “Det ein ser etter, er eit positivt overtak i aksjonsstyrke. Og spartanarane er meir opptatte av dette enn andre er.”
Underordning er ikkje så ærelaust, sa athenarane. “Det er ingen skam å gi etter for den største byen i Hellas, når den tilbyr dykk så rimelege vilkår – ein allianse der de hyllar oss og har fridom til å nyte eigedommen dykkar … Og når de får lov å velge mellom krig og tryggleik … er dette den trygge regelen – å stå opp mot sine likemenn, å vere ettergivande mot sine overmenn, og å handsame sine underlegne med moderasjon.”
Dei to sidene trekte seg så tilbake for interne diskusjonar; seinare returnerte dei til forhandlingsbordet for siste runde. Milos-folket sa dei hadde bestemt seg for å ikkje overgi sin sju hundre år gamle bystat. “Vi stolar på hellet som gudane vil sende og som har redda oss hittil, og på hjelpa frå menn – altså frå spartanarane; så vi skal prøve å redde oss sjølve.” Dei la til at dei framleis var opne for forhandlingar om vilkår for “ein avtale som både de og vi kan gå med på.” Eitt vilkår var udiskutabelt – athenarane må “forlate landet vårt”.
Dei athenske meklarane reiste seg. “De har satsa alt på, og sett dykkar lit til, spartanarane, hell og voner. De vil på alle desse punkta få sjå at det var sjølvbedrag.”
Den athenske arméen bygde ein mur som totalt skilde Milos-folket inne i byen sin frå verda utanfor. Fleire månadar med kringsetting følgde, medan athenarane trekte tilbake sine tunge styrkar for å bruke dei i kamp andre stadar. Milos-folket gjorde utbrotsekspedisjonar for å hente mat. Då returnerte athenarane med større styrkar; men sjølv ikkje då risikerte dei eit frontalangrep. I staden muta dei fleire milosenarar inne i byen, så dei skulle forråde dei andre. “Då det var ein del svik frå innsida,” konkluderte Thukydides soga si med, så “overgav Milos-folket seg vilkårslaust til athenarane, som tok livet av alle mennene i militær alder som dei tok, og selde kvinner og barn som slavar. Milos tok dei over, og sende seinare ein koloni på 500 menn.” Der endar bok fem.
Det var nesten to tusen fem hundre år sidan.
Det er nesten sikkert at Biden og Netanyahu ikkje har lese Milos-dialogen. Dersom menn som USAs utanriksminister Antony Blinken og National Security Adviser Jacob Sullivan hadde boka som pensum på studiane sine ved Harvard og Yale, så har dei gløymt at etter folkemordet på Mílos-folket vart athenarane slått – først arméen deira og det utlandske imperiet, deretter deira eigne demokrati, heime.
Desse praktiske mennene kan høyre den politiske klokka tikke. Dei kan høyre at gudane tel ned.
Omsett (og litt nedkorta) av Monica Sortland
Forsidebilde: Walter Martin