Fortvilte hytteeigarar krev hjelp med straumrekninga: – Går hardt ut over økonomien

Resett.no
Hyttefelt på østsiden av Kvitfjell. Illustrasjonsbilde. Foto: Gorm Kallestad / NTB

annonse

annonse

For hytteeigarar er det dyrt med lys og oppvarming av to bustader.

Det meiner hytteeigarane sjølve, og viser til den ville veksten som straumprisen har hatt sidan i fjor haust.

No har Noregs Hytteforbund derfor skrive brev til finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og bede om at straumstøtta som vanlege heimar får, òg kjem landets 500.000 hytteeeigarar til del.

annonse

I ei undersøking har Noregs Hytteforbund spurt korleis straumprisen har påverka dei vel 2.000 medlemene.

Les òg: Trædal innfører «hytteskam»: – Hyttepalassene fortjener ikke krisestøtte

Og skal ein tru styreleiar Trond G. Hagen, er tilbakemeldinga tydeleg: Mange hytteeigarar er hardt råka, og treng hjelp med straumrekninga.

– For veldig mange går dette hardt ut over privatøkonomien, så hardt at mange får alvorlege problem med å kunne gjere opp for seg, kanskje spesielt pensjonistane, men òg mange vanlege lønsmottakarar.

– Den nye modellen for utrekning av nettleie, som inntil vidare er utsett, vil gjere problemet endå sterkare, seier Hagen til Nationen.

No ber Noregs Hytteforbund om at regjeringa snarast kjem med ei straumstøtte-ordning for hytter og andre fritidsbustader.

Og ho skal ha tilbakeverkande kraft frå desember 2021.

Vill vekst for usikre bedriftslån – lokker med ti prosent rente (+)

Tegn abonnement
eller
støtt oss på andre måter
hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.


Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474

Les artikkelen direkte på resett.no