
annonse
annonse
Familien til russisk energi-toppsjef drepen med øks i Spania.
Tysdag denne veka vart den russiske milliardæren Sergej Protosenja, kona hans og dottera deira funne daude i Llorat del Mar på Costa Brava, Spania.
Det var ei bekymringsmelding frå sonen i familien, som sjølv bur i Bordeaux i Frankrike, som fekk spansk politi til å rykke ut Protosenjas feriebustad.
annonse
Kona og dottera låg i kvart sitt rom, og skal ha hatt skadar frå øks. Protosenja vart sjølv oppdaga livlaus i hagen. Det er enno uklart om milliardæren har tatt livet av familien sin og deretter seg sjølv eller om dei er offer for kriminalitet.
Les òg: Russland ligger an til å tjene 30 prosent mer på energieksport enn i fjor
Protosenja sat åtte år som styremedlem i Novatek, Russlands største private produsent av naturgass. Dette skriv Dagens Næringsliv.
Drapa kjem dagen etter at ein annan russisk energi-toppsjef, nestleiar Vladislav Avajev i Gazprombank, vart funnen skoten med ein pistol i handa i leiligheita si i Moskva. Kona og dottera hans skal òg vere daude.
25. februar vart Gazprom-toppen Aleksandr Tjuljakov funnen daud på ein fritidseigedom utanfor St. Petersburg.
Les òg: Analytikere: Om Europa skal bli uavhengig av russisk gass nå, må utslippene opp
Snautt ein månad tidlegare, 29. januar, var det Leonid Sjulman, som vart funnen daud. Han jobba i Gazproms transportavdeling.
Indisk ekspert til Resett: – Dette binder Russland og India sammen (+)
Tegn abonnement
eller
støtt oss på andre måter
hvis du ønsker at Resett skal bestå som en motvekt til de etablerte og statsstøttede mediene i Norge.
Vipps 124526
Bankkonto 1503.94.12826
SMS “Resett” (200,- en gang) til 2474